Roll 'Em Pete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Roll 'Em Pete» er ein rhythm and blues-song som opphavleg vart spelt inn av Big Joe Turner og pianisten Pete Johnson i 1938. Innspelinga vert rekna som ein viktig forgjengar for det som seinare vart rock and roll.

Originalen[endre | endre wikiteksten]

Johnson var ein boogie woogie-pianist i Kansas City, som tidleg i 1930-åra hadde slått seg saman med Turner, som då jobba som syngande bartender. Turner hadde ei ropande synging og song blues til Johnson sin musikk. I 1938 vart duoen invitert av talentspeidar og produsent John Hammond til den første «From Spirituals to Swing»-konserten ved Carnegie Hall i New York City.[1]

Medan dei var i New York signerte Turner og Johnson ein kontrakt med Vocalion og spelte inn «Roll 'Em Pete» for dei 30. desember 1938. Songen var ein livleg boogie-woogie som hadde vorte ein av Johnson sine signaturlåtar på klubbane dei spelte på med Turner på vokal. Turner spelte seinare inn andre versjonar av songen med andre musikarar, særleg i 1950-åra då han vart ein rock and roll-stjerne.[2]

Seinare versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart seinare spelt inn av mange andre artistar, som Albert Ammons, Count Basie, Joe Williams, Lionel Hampton, T-Bone Walker, The Blasters og Bill Wyman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Big Joe Turner
  2. Big Joe Turner Tribute, arkivert frå originalen 15. desember 2007, henta 16. september 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]