Rolla

Koordinatar: 68°49′13″N 17°0′14″E / 68.82028°N 17.00389°E / 68.82028; 17.00389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolla
Foto: Øystein H. Brekke
Foto: Øystein H. Brekke
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°49′13″N 17°0′14″E / 68.82028°N 17.00389°E / 68.82028; 17.00389

Areal 106,4 km²

Høgaste punkt Stortinden, Drangen
 (1022 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke
Kommune
Troms
Ibestad
Største busetnad Hamnvik (446 innb.)

Rolla, eller Rolløya (nordsamisk Rálli) er den sørlegaste og minste av dei to øyene som utgjer Ibestad kommune i Troms, den andre er Andørja. Rolla og Andørja er skilde av sundet Bygda. Mellom fastlandet og Rolla ligg Astafjorden og i nord og vest ligg Vågsfjorden. I 2000 vart det opna ein undersjøisk tunnel, kalla Ibestadtunnelen, under Bygdesundet. I lag med Mjøsundbrua, som går mellom Andørja og fastlandet, gjev han Rolla fastlandssamband. Øya er berglendt og har to fjellområde, eit på sørenden og det andre om lag midt på øya. Det midt på heiter Drangen og har høgste topp Stortinden på 1022 m. Mellom fjellområda og mot nord er det mange vatn.

Det meste av busetjinga ligg langs Bygdesundet. Den sentrale staden på øya er Hamnvik, som også er kommunesenter i Ibestad. Andre stader er Nordrollnes og Sørrollnes, sistnemnde har ferjesamband med Harstad. Riksveg 848 går langs sørsida av øya og fortset frå Hamnvik til Andørja via Ibestadtunnelen, medan Fv 131 går mellom Hamnvik og Nordrollnes. Det meste av nordvestsida av øya har ikkje vegsamband.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]