Rolland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolland
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 3 137  (2023)
Postnummer 5115-5116 ULSET
Preposisjon Rolland
Gardnummer 208
Kart
Rolland
60°27′24″N 5°19′54″E / 60.45666667°N 5.33166667°E / 60.45666667; 5.33166667

Rolland er eit bustadområde og ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 3137 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Rolland ligg sentralt i Åsane.

Frå midten av 1970-talet vart det bygd ut store bustadområde på Rolland, og folketalet auka kraftig. På Rolland ligg Rolland barneskule frå 1977, med grendaskulane Kollåsen skule og Storåsen skule.

Jordbruksaktiviteten på Rolland avtok frå 1970-talet av. Det siste bruket var i drift fram til 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 103-109

Fotnotar