Rolleliste for Buffy the Vampire Slayer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

TV-serien Buffy the Vampire Slayer hadde eit persongalleri som voks jamnt utover i serien. Sentralt kring hovudpersonen finn ein Scooby-gjengen, kalla slik av venen Xander Harris.

Scooby-gjengen[endre | endre wikiteksten]

Buffy Summers[endre | endre wikiteksten]

Buffy Summers, fødd 1980, var ei vanleg jente frå Los Angeles til ho vart kalla til Vampyrjeger då ho var 16 år gamal. Frå den tid har ho vore plaga med to identitetar: ein som vanleg skulejente med vanlege tenåringsvanskar, og ein som heltinne med særskilde krefter. Dette fører ho opp i ei rad med utrivelege hendingar, som ho lyt takle på ulike vis. Den "vanlege" Buffy er ikkje den mest oppvakte jenta på skulen, oppteken av skeiseløp og vener/gutar, og bur einsam med mor si (fram til søstera Dawn dukkar opp). Som jeger syner ho seg å vera før og vitug, men er og lojal mot venene sine. Desse hjelper ho og ut av ei rekkje kniper. Serien legg vekt på av venskapen mellom Buffy og dei andre i gjengen truleg bergar ho meir enn det som til då har vore vanleg for jegerar. I TV vart ho spela av Sarah Michelle Gellar, på film av Christy Swanson.

Willow Rosenberg[endre | endre wikiteksten]

Willow var sett på som ein nerd og ein tapar, trass i at ho hadde det høgaste karaktersnittet på Sunnydale High. Ho er raudhåra, og var opphavleg mest oppteken av naturvitskap og data. Her var ho eksperten på skulen. Gjengen nytta Willow til å hacke seg inn i offentlege databasar, for å finne opplysningar om alt frå kloakkvegar til styre og stell. Frå slutten av andre sesong utvikla Willow interesse for trollkunne og hekseri, og vart med tida ei trent heks. Trylleformlane hennar har hjelpt gjengen mang ei gong. Etter at kjærasten Oz reiste av i fjerde sesong utvikla Willow eit tett band til medstudina Tara Maclay, noko som førte til at ho vart lesbisk. Willow har med tida utvikla så sterke krefter at det er tvil om ho er heilt menneskeleg lenger, og det er varsla at ho vil leva lenger enn godt er, og at dei same trolldomskreftene vil gjera henne galen. Mykje av sjette sesong krinsar om Willows vanskar med å styre eigne krefter. I serien var ho spela av Allison Hannigan.

Xander Harris[endre | endre wikiteksten]

Xander Harris var den røynlege taparen på skulen, og Willows beste ven før Buffy kom inn i liva deira. Willow bar lenge på ei løynd trå til Xander, som aldri vart utvikla. Xander er den einaste i gruppa som aldri fekk overmenneskelege krefter, men har gjetord for lang røynsle med feltarbeid, og er ein trugen ven. Ved dei høva der Willow treng støtte, er det støtt Xander som bergar ho, og slik heile verda, gjennom venskapen til henne. Han har slik berga verda to gonger ved å leggje fram sin kjærleik til Willow. Xander har og ord på seg for å sjå det andre ikkje får med seg, og står som ein bror for Buffy. Han miste det eine auget sitt i sjuande sesong, og er nestkommanderande under Buffy i styringa av jegerherren. Han var spela av Nicholas Brendon.

Rupert Giles[endre | endre wikiteksten]

Giles vart send av vaktarrådet for å halde oppsyn med, og trene Buffy. Han er frå England, og syner stundom erkebritiske vanar. Samstundes syner det seg at han var ein villbasse i unge år, då han kalla seg sjølv "Ripper", og leika seg med svartekunster. Dette kjem seinare att for å plaga han i form av den upålitelege ungdomsvenen Ethan Rayne. Giles utviklar eit faderleg forhold til Buffy, og dette fører til at han misser jobben som vaktar. Han er til stades som rådgjevar i alle år sidan. Etter at jegerherren voks fram tek han på seg å vakte over Faith, den andre "opphavlege" jegeren. Han var spela av Anthony Stewart Head.

Cordelia Chase[endre | endre wikiteksten]

Cordelia var den mest snobbete jenta på skulen, og førte sin eigen gjeng, "the cordettes", som rådde for kven som var vinnarar og taparar på skulen. Ho var av rike folk, og såg naturleg ned på Xander og Willow. Med tida fører omstenda ho nærare Buffys gjeng, noko som fører til at ho blir kjærast med Xander, erkefienden frå barneskulen. Slik miste Cordelia omdømet sitt, men ho syner seg å vera sterk og trufast. Cordelia er omsynslaust ærleg, og seier støtt kva ho meiner. Etter skulen reiste ho til Los Angeles for å finne seg eit utkome som skodespelar, og enda opp med å hjelpe Angel i arbeidet hans. I denne serien vart ho seinare drepen (daud i koma). Ho var spela av Charisma Carpenter.