Rollo & King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rollo & King er ei dansk musikkgruppe, starta av Søren Poppe og Stefan Nielsen. Dei tok namna etter dei mest kjende hundenamna i Danmark, og toppa listene i Danmark med debutalbumet Midt i en løbetid, som låg på listene i tretten veker i 2000-2001.

Danmarks Radio inviterte dei til å bli med på Dansk Melodi Grand Prix i 2001, og dei vann med songen «Der står et billede af dig på mit bord». I lag med Signe Svendsen framførte dei songen med engelsk tekst («Never Ever Let You Go») i Eurovision Song Contest 2001 og kom på andre plass bak Estland.

Spire Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.