Rolv Laache

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolv Laache
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1886
Død

29. februar 1964 (77 år)

Yrke historikar, litteraturhistorikar, arkivar

Rolv Laache (19. november 188629. februar 1964) var ein norsk historikar og arkivar frå Oslo. Han var son til Søren Laache.

Rolv Laache tok artium ved Oslo katedralskole i 1905 og studerte deretter i England. Åra 1917-23 var han amanuensis ved Universitetsbiblioteket i Oslo, og frå 1923 til 1947 arbeidde han som arkivar ved Riksarkivet. Frå 1947 var han statsstipendiat, kosta av Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Laache vart dr.philos. i 1930 på ei tre band stor avhandling: Henrik Wergeland og hans strid med prokurator Praëm: Aktmessig fremstillet, for det meste efter utrykte dokumenter (1927-30). Han gav også ut Torvslaget i 1929, Nordmenn og svensker efter 1814 i 1941, Henrik Wergeland og hans historielærer i 1945 og Om hellener og barbarer i 1946.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]