Rolv Selvig
Rolv Selvig | |
Fødd | 8. oktober 1882 |
Død | |
Yrke | prest |
Rolv Selvig (8. oktober 1882–14. mars 1976) var ein norsk prest. Han var gift med Asta Dehli.
Selvig var utdanna cand. theol. i 1915. Selvig vart sjømannsprest i Glasgow og deretter residerande kapellan i Ålesund i 1919 og fengselsprest i Akershus i 1925. I september 1940 fekk han stillinga som sokneprest i Hedrum i Vestfold.
Han vart kjent som ein liberal teolog og var frittalande i preikene sine under okkupasjonen. Det førte til at kan måtte flytte frå Hedrum til Andøya under krigen. Etter krigen kom han attende til Hedrum.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Rolv Selvig i Lokalhistioriewiki