Hopp til innhald

Romania i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romania

OffisieltRomania

TVR
Uttakingar
Nasjonalt21
Internt1
Deltaking
Debutår1994
Deltakingar22
Beste resultat
Semifinalen1 (2005)
Finalen3 (2005 og 2010)
Verste resultat
Semifinalen15 (2023)
Finalen22 (1998)
Poeng
Semifinalane1 583
Finalane1 535
Totalt3 118

Romania debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 22 gongar. Romania har aldri vunne Eurovision Song Contest, men har to tredjeplassar som beste plassering. Den dårlegaste plasseringa til Romania kom i 1998, då Romania kom på 22.-plass. Etter innføringa av semifinalar i Eurovision Song Contest i 2004, kvalifiserte Romania seg til finalen på alle forsøk, inntil 2018, då landet vart slått ut i semifinalen for fyrste gong.[1]

Det er den rumenske kringkastaren Televiziunea Română (TVR) som sender Eurovision Song Contest i Romania, og som vel det rumenske bidraget til tevlinga. Romania debuterte i 1994, men melde seg òg på tevlinga i 1993 saman med seks andre land frå den tidlegare austblokka. For å halde talet på deltakande land nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at dei sju nye landa måtte gjennom ei eiga førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Romania stilte med songen «Nu pleca», framført av Dida Drăgan, men kom på sisteplass i kvalifiseringa og var dimed ikkje kvalifisert til finalen i 1993.[2]

I 1994 fekk Romania endeleg ta del i Eurovision Song Contest saman med ei rekkje nye deltakarland som Estland, Russland og Slovakia. I debuten hamna Romania på 21.-plass av 25 land, og den låge plasseringa gjorde at landet måtte stå over tevlinga året etter. Heller ikkje i 1996 kvalifiserte Romania seg, og var heller ikkje kvalifisert til finalen i 1997 på grunn av låg gjennomsnittpoengsum i perioden 1993–1996.[3][4] Fram til 2002 måtte Romania stå over annakvart år på grunn av svake plasseringar i tevlinga.[1]

I 2002 snudde resultata, og Romania fekk si beste plassering til då med ein niandeplass. Ein tiandeplass følgde året etter, og dimed var Romania direktekvalifisert til finalen i 2004. Etter å ha blitt nummer 18 i 2004, måtte Romania gjennom semifinalen i Kiev året etter. Der vann Romania semifinalen og kom på tredjeplass i finalen - den beste plasseringa til Romania i Eurovision Song Contest til nå. Ein fjerdeplass følgde i 2006, etterfølgd av tre svake plasseringar. I Bærum i 2010 tangerte Romania rekorden sin, då Paula Seling og Ovi kom på tredjeplass med «Playing With Fire».

Diskvalifikasjonen

[endre | endre wikiteksten]

I åra 2010–2015 hamna Romania midt på resultatlista, før landet vart diskvalifisert. Bakgrunnen for diskvalifiseringa var at kringkastaren TVR fleire gongar ikkje hadde tilbakebetalt gjeld til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Som straff vedtok EBU å diskvalifisere Romania – berre 17 dagar før tevlinga.[5] Hausten same år vart EBU og TVR einige om ei nedbetalingsordning, og Romania fekk komme tilbake til Eurovision Song Contest i 2017.[6]

Etter sjuandeplassen i 2017 – den beste plasseringa til Romania på sju år – rauk Romania ut av semifinalen i 2018. Dette var fyrste gongen at Romania ikkje nådde finalen, etter at ordninga med semifinalar vart innført i 2004.

Fram til opphevinga av språkregelen i 1999 song representantar for Romania på rumensk. Etter 2000 har Romania stort sett sunge på engelsk, men ein song òg delvis på rumensk i 2008 og 2015. Bidraga frå Romania har òg vore delvis på italiensk i 2006 og 2009, og bidraget i 2007 vart blant anna sunge på russisk, spansk og fransk.

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1993Dida Drăgan«Nu pleca»RumenskIkkje kvalifisert387
1994Dan Bittmann«Dincolo de nori»Rumensk1421
1996Monica Anghel og Sincron«Rugă pentru pacea lumii»RumenskIkkje kvalifisert1129
1997Deltok ikkje
1998Mălina Olinescu«Eu cred»Rumensk622
1999Deltok ikkje
2000Taxi«The Moon»Engelsk2517
2001Deltok ikkje
2002Monica Anghel og Marcel Pavel«Tell Me Why»Engelsk719
2003Nicola«Don't Break My Heart»Engelsk7310
2004Sanda«I Admit»Engelsk1818Direktekvalifisert
2005Luminiţa Anghel og Sistem«Let Me Try»Engelsk15832351
2006Mihai Trăistariu«Tornerò»Engelsk og italiensk1724Direktekvalifisert
2007Todomondo«Liubi, Liubi, I Love You»Engelsk, italiensk, spansk,
russisk, fransk og rumensk
8413
2008Nico og Vlad«Pe-o margine de lume»Rumensk og italiensk45209407
2009Elena«The Balkan Girls»Engelsk4019679
2010Paula Seling og Ovi«Playing With Fire»Engelsk16231044
2011Hotel FM«Change»Engelsk77171114
2012Mandinga«Zaleilah»Spansk og engelsk71121203
2013Cezar«It's My Life»Engelsk6513835
2014Paula Seling og Ovi«Miracle»Engelsk72121252
2015Voltaj«De la capăt (All Over Again)»Rumensk og engelsk3515895
2016Ovidiu Anton«Moment of Silence»EngelskDiskvalifisert
2017Ilinca med Alex Florea«Yodel It!»Engelsk28271746
2018The Humans«Goodbye»EngelskIkkje kvalifisert10711
2019Ester Peony«On a Sunday»Engelsk7113
2020Roxen«Alcohol You»EngelskTevling avlyst
2021Roxen«Amnesia»EngelskIkkje kvalifisert8512
2022Wrs«Llámame»Engelsk og spansk65181189
2023Theodor Andrei«D.G.T. (Off and On)»Rumensk og engelskIkkje kvalifisert015
Deltok ikkje i 2024 og 2025
2026Alexandra Căpitănescu«Choke Me»Engelsk

Røystehistorikk

[endre | endre wikiteksten]

Romania har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Moldova163
02 Hellas109
03 Sverige83
04 Russland80
05 Sverige70
Romania har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Moldova149
02 Spania142
03 Israel96
04 Hellas69
05 Portugal65

Semifinalane (2004-2021)

[endre | endre wikiteksten]

Romania har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Moldova88
02 Ungarn69
03 Hellas59
05 Israel58
Russland
Romania har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Moldova108
02 Israel86
03 Malta63
04 Italia60
05 Irland59

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Romania – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016.
  2. «ESC 1993 Semi-final (Kvalifikacija za Millstreet) - full contest - Croatian Commentary». RTVSLO/EBU via YouTube. 10. oktober 2014. Henta 4. desember 2016.
  3. «#ThrowbackThursday to 20 years ago: Eurovision 1997». eurovision.tv. 7. september 2017. Henta 10. mai 2020.
  4. «The Eurovision Song Contest – Rules 1997». heyrick.eu. Henta 10. mai 2020.
  5. «TVR (Romania) no longer entitled to take part in Eurovision 2016». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 22. april 2016. Henta 22. april 2016.
  6. Bogdan Honciuc (21. september 2016). «Take us back? Romania’s TVR applies for participation in Eurovision 2017». Wiwibloggs.