Romano Prodi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Romano Prodi
Romano Prodi in Nova Gorica (2b).jpg
FøddRomano Prodi
9. august 1939
Scandiano
NasjonalitetItalia
PartiPartito Democratico, Democrazia Cristiana, Partito Popolare Italiano, L'Ulivo, I Democratici
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, akademikar, forretningsdrivande
InstitusjonarUniversitetet i Bologna
Harvard University
Utdanna vedUniversità Cattolica del Sacro Cuore
London School of Economics
Harvard University
EktefelleFlavia Franzoni
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Real Academia de Ciencias Económicas y Financieras
Romano Prodi

Romano Prodi (fødd 9. august 1939) er ein italiensk politikar, som leidde koalisjonen av sentrum-venstreparti som fekk fleirtal ved parlamentsvalet i Italia i april 2006. Han etterfylgde med det Silvio Berlusconi som statsminister 17. mai same år.

Han er utdanna jurist frå det katolske universitetet i Milano, og har òg studert ved London School of Economics. Han byrja karrieren sin som professor i økonomi, og vart på 1970-talet aktiv i italiensk politikk. Han vart industriminister i 1978, og var statsminister i Italia frå 1996 til 1998.

Han var formann for Europakommisjonen frå september 1999 til 2004.

Italienske medier melde 21. februar 2007 at Prodi leverte avskjedssøknaden sin til Italia sin president Giorgio Napolitano. Nokre dagar seinare vart det klart at presidenten ikkje godtok avskjedssøknaden frå Prodi, som då måtte be nasjonalforsamlinga om fornya tillit. Den 23. januar vann Prodi eit tillitsvotum i deputertkammeret. 24. januar var det ei tilsvarande avstemming i senatet, der regjeringa tapte og difor gjekk av.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]