Romansk stil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Romansk arkitektur)
Romansk dør og bogar i Jakobskyrkja frå 1100-talet i Aubeterre-sur-Dronne i Charente i Frankrike.

Romansk stil eller romansk kunst er eit lite presist kunsthistorisk omgrep som vert nytta om den før-gotiske arkitekturen, skulpturen og biletkunsten i Vest-Europa, og har såleis med ein fase av mellomalderens kunst å gjere. Somme nyttar omgrepet om ein periode som strekkjer seg frå 600 - 700-talet til om lag slutten av 1100-talet. Men det mest vanlege er å avgrense omgrepet til berre å gjelde den arkitekturen, skulpturen og biletkunsten som skriv seg frå 1000- og 1100-talet. I somme høve vert då omgrepa førromansk stil eller førromansk kunst nytta om kunsten frå den eldre parten av den europeiske mellomalderen.

Preikestolen frå 1207 i San Miniato al Monte i Firenze.
Den romanske domkyrkja i Speyer i Tyskland.

Den romanske arkitekturen og kunsten som er teken vare på fram vår tid er hovudsakleg avgrensa til religiøse bygningar, som kyrkjer og kloster og ruinar av slike, og til gjenstandar som har vore eller framleis er knytte til religionsutøvinga. Men somme døme på borgar og slott i romansk stil finst òg, og syner at romansk arkitektur ikkje utelukkande hadde religiøse føremål.

Omgrepet «romansk» om den før-gotiske arkitekturen og kunsten vart introdusert i 1820-åra i det franske arkeologiske og kunsthistoriske miljøet. Meininga med omgrepet var å framheve at det var eit samband mellom arkitekturen og kunsten i det gamle Romarriket og den arkitekturen og kunsten som etter kvart hadde utvikla seg i Vest-Europa i mellomalderen etter at Romarriket hadde falle på 500-talet som fylgje av germanaranes erobringar. Denne utviklinga i arkitektur og kunst vart sett på som parallellen til at dei romanske språka fransk, italiensk og spansk hadde utvikla seg som ei blanding av den folkeleg talte latinen (vulgærlatinen) og dei germanske målføra. Sjølve ordet romansk, som på fransk heiter roman, er eigenleg eit gamalt ord som skriv seg frå det gamalfranske ordet 'romanz' og den folkelege tala latinens 'romanice', og tydar «på romarane sitt vis», som ein motsetnad til frankarane sine sedar og språkbruk.[1]

Sjølv om den romanske arkitekturen i Vest-Europa rett nok har sine felles drag ved å nytte somme element som skriv seg frå den romerske arkitekturen, er det likevel så store variasjonar, både geografisk og over tid, og tildels som følgje av av ulik religiøs praksis og lokal samfunnsordning, at ulikskapane ofte overskygger det som er sams. Dei felles religiøse krava sjølvsagt har stått i sentrum i ein så sentralstyrt organisasjon som den katolske kyrkja, men likevel har lokale byggjetradisjonar og lokale religiøst og verdsleg grunngjevne krav og omsyn gjort sitt til ein stor variasjonsrikdom. Det er soleis mykje som er ulikt mellom slike romanske bygningar som dei norske stavkyrkjene, dei store domkyrkjene på tysk område, og slike kyrkjer som domkyrkja i Pisa i Italia og Sainte-Madelaine i Vézelay i Frankrike, for berre å nemne nokre få døme ut frå eit rikhaldig materiale av ulike bygningar som i kunst- og arkitektursoga karakteriserast som romanske. Romansk stil er såleis ikkje noko heilskapleg, men i røynda ei mengd variasjonar over eit grunnleggjande prinsipp eller ein grunnleggjande idé. Denne variasjonsrikdomen har mellom anna gjeve det utslaget i England at dei innvandrande og erobrande normannaranes variant av den romanske arkitekturen har fått den særskilde nemninga normannisk stil.

Tilsvarande geografisk og kronologisk ulikskap gjer seg òg gjeldande i andre romanske kunstframstillingar, som til dømes biletkunsten og skulpturen. Difor er det ofte nytta omgrep knytt til tidfestinga i staden for stilen, som til dømes den romanske tida eller den romanske perioden for å karakterisere denne kunsten.

Arkitekturen[endre | endre wikiteksten]

Basilikaen Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay teikna av Eugène Viollet-le-Duc.
Stavanger domkyrkje har eit skip (rommet for kyrkjelyden) bygd i romansk stil, medan det yngre koret er i gotisk stil. Den romanske basilikaen Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay har likeeins eit yngre kor, tverrskip og vesttårn i gotisk stil.
Borgund stavkyrkje, her teikna av arkitekt G.A. Bull, er eit døme på norsk romansk trearkitektur.

Den romanske arkitekturen er framfor alt ein arkitektur for store og små religiøse bygningar bygde av stein; dei norske stavkyrkjene er såleis ei gruppe for seg sjølv innanfor romansk arkitektur. Ofte vert den romanske byggjestilen kalla rundbogestil, ettersom dei romanske bygningane er kjenneteikna av at bogar i halvsirkelform, runde bogar, vert nytta som berande spenn over opningar i veggar eller mellom søyler, og at steinkvelva over kyrkjeromma gjerne er forma som halve sylindrar, såkalla tønnekvelv, eller som krysskvelv samansett av seksjonar forma som halve sylindrar. Men især tidlege romanske bygningar, og dessutan fleire av dei italienske kyrkjene, har tak av tre over kyrkjerommet i staden for kvelv av stein. Mange av dei romanske kyrkjebygningane høyrer til den typen som vert kalla basilika, det vil seie at dei er langkyrkjer som har eit midtrom (eit midtskip) som er høgare enn dei langsgåande sideromma (sideskipa) på kvar side, og som er skild frå dei to sideskipa med søyleradar som held oppe både dei to midtskipsmurane, som altså ragar over sideskipa, og kvelven over midtskipet. Mange av dei romanske basilikaene har òg tverrskip og soleis ein krossforma grunnplan, og det finst dessutan kyrkjer med grunnplan som ein likearma kross, gresk kross, eller med til dømes åttekantform, som er vanleg for frittståande dåpskapell (baptisterium), som det rett nok ikkje er mange av i Nord-Europa, men i Italia. Slottskapellet til frankarkongen Karl den store (Charlemagne) i palasset hans i Aachen (Aix-la-Chapelle), som vart inkorporert i den gotiske domkyrkja i byen, er eit døme på ein romansk åttekanta kyrkjebygning frå slutten av 700-talet.

Dei romanske kyrkjene er elles kjenneteikna av tunge murar og tjukke søyler eller pilarar, ofte med såkalla støtteveksling, som vil seie at i basilikaene er annankvar av støttene i radane mellom midtskipet og sideskipa utforma som firkanta eller mangekanta pilarar, og annankvar støtte utforma som sylindriske søyler eller kolonnar. Rundbogane og det tette, tunge og massive skil dei romanske kyrkjene frå dei etterfølgjande gotiske, som kjenneteiknast av at bogar og kvelv vert spissa og at dei berande kraftene vart konsentrert til punkter på eit slikt vis at veggane kunne opnast opp for størst moglege vindaugo som skulle sleppe det himmelske ljoset inn i bygningen. Det var vanleg i mellomalderen og frametter at kyrkjer som var bygd i romansk stil fekk reparasjonar etter brann eller anna skade, ombyggingar, tilbygg og anna gjort i den aktuelle stilen på tida då påbygginga eller reparasjonen gjekk føre seg. Soleis er det vanleg i dag å sjå at større eller mindre parti i ein opphavleg romansk kyrkjebygning er bygd i gotisk og jamvel ein eller fleire seinare stilartar. Stavanger domkyrkje er eitt døme på dette ved å ha eit romansk skip og eit gotisk kor; eit anna døme er den romanske basilikaen Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay i Frankrike, som likeeins har eit skip i romansk stil, men med mellom anna gotisk kor og gotisk tverrskip.

Dei norske stavkyrkjene som framleis står i dag er dei einaste eksisterande representantane for den romanske trearkitekturen i Vest-Europa. Dei romanske elementa i desse trebygningane vert stort sett rekna som medvetne etterlikningar av liknande element i den romanske steinarkitekturen, så slik sett kan stavkyrkjene berre reknast som døme på korleis steinarkitekturen kunne omsetjast i tre i dei områda der det var rotfesta tradisjonar for å byggje i tre. Bygningar i tre har lange tradisjonar over heile Nord-Europa, men ein veit ikkje korleis dei har sett ut i eldre tider, då ingen av dei er teke vare på. Kunnskapen om dei er avgrensa til grunnplanar som kan avlesast på grunnlag av spora og restane i undergrunnen som er kome fram ved arkeologiske granskingar.

Difor er det heller ikkje kjent om somme av dei elementa i dei norske stavkyrkjene som karakteriserast som lån frå romansk steinarkitektur, eigenleg har hatt plass i trearkitekturen frå gamalt av. Ein rundbogestil i form av runde bogar som stør og stivar av bygningar i tre, slik det mellom anna er gjort for å stive av stavane i øvre parten i norske stavkyrkjer, kan trass alt lett lagast ved å velje ut og nytte høveleg naturleg bøygd trevyrke. Desse viktigaste rundbogane i stavkyrkjekonstruksjonane, som er danna av parstilte, såkalla bogekne, er soleis laga til ved å skjere ut stykkje av stammane på storvekst furutre der rotenden av trea dannar ein boge ved overgangen til sjølve stammen. Difor kan slike bogeforma bygningsdetaljar som har ein funksjon i sjølve konstruksjonen ha ei lang og sjølvstendig soge attom seg i Nord-Europas treakitektur, altså utan opphav i romersk eller romansk byggjekunst. Men slike tradisjonell bygningsdetaljar har nok gjort sitt til at det ikkje skulle mykje til for å tilpasse heiden nordeuropeisk byggjekunst til nordeuropeiske kristne krav til form og stil på kyrkjebygningar. Arkeologisk har det synt seg at grunnplanane i stavkyrkjene ikkje er unike for mellomalderen, men har vore brukt i bygningar langt attende i heiden tid, jamvel i bygningar som ein reknar med har vore nytta i heiden kultisk samanheng, såkalla hòv.

Arkeologiske granskingar har synt at det har vore stavkyrkjer (stolpekyrkjer) i nordeuropeiske land òg, men inga av dei står altså att som bygningar. Det vart gjort mykje og effektivt arbeid i høgmellomalderen, inklusive i Sverige og i Danmark, for å kvitte seg med trekyrkjene i ei fart og erstatte dei med steinkyrkjer. Det kan vere grunn til å tru at Noreg ikkje vore åleine om å ha trekyrkjer med meir eller mindre markert romansk preg. Men ein har i alle høve for lite materiale for å kunne avgjere om nokre av dei særdraga i dei norske stavkyrkjene som er rekna som typisk romanske, eigenleg høyrer heime i ein nordeuropeisk trebyggtradisjon med røter langt attende i heiden tid, eller er kopieringar av steinarkitektur.

Stein-, tre- og metallskulptur[endre | endre wikiteksten]

Skulptur på ei søyle frå 1123 i domkyrkja i Lund i Skåne.
Eit døme på romanske portalar i kyrkjer på landsbygda i Danmark er portalen i Vejlby kyrkje i den tidlegare Rougsø Kommune, no ein lut av Norddjurs Kommune i Region Midtjylland. Her eit fotografi av den høgre portalvangen.

Den romanske steinskulpturen er så å seie å rekne som arkitekturelement ved å vere festa til bygningane som delvis frittståande skulptur, som relieff som syner meir eller mindre figurative bilete, som ornament av stiliserte stenglar, blad og blomar eller som geometriske mønstre og former. Slik skulptur kan finnast både på fasadar og på inngangsportalar, og inne i kyrkjerommet, framfor alt på kapitela, som er den øvste, utvida avslutninga av søylene. Vestfasaden av kyrkja og portalane, omramminga av inngangsdørene, er stader som ofte er utstyrte med skulpturar, og dei kan dekkje store flater og skildre viktige sider av den kristne trua, slik som på dei store pilegrimskyrkjene i Frankrike. Ofte vart det vald motiv som uttrykte ein kristen bodskap som var aktuell i tida eller i ein særleg situasjon. Likeeins finst det på Jylland i Danmark, på Gotland i Austersjøen og i det dåverande danske området Skåne i Sør-Sverige finst det mange romanske kyrkjer med portalar med interessante figurative relieff, både i bygd og by. Det er å rekne med at all den fargelause romanske skulpturen på kyrkjefasadar og i den innandørs arkitekturen har vore fargesett i si tid, både når det gjeld dei store katedralane og dei små landsens kyrkjene, inklusive skurden i og på dei norske stavkyrkjene. Men berre unntaksvis kan det no konstaterast spor etter opphavleg måling.

tysk område, til liks med i Noreg, er derimot portalane på dei romanske kyrkjene langt meir smålåtne i skulpturell utsmykking. Eit unnatak er dei norske stavkyrkjeportalane, som har rik skurd av både ornamental og figurativ karakter, mellom anna figurative framstillingar av hendingar som kan kjennast att i skildringar i norrøn litteratur.

Karakteristisk for den romanske skulpturen er ei stiv, skjematisk og såleis heilag framstilling på altertavler, krusifiks, statuar og liknande av Kristus, som ofte står i si krossfesta stilling som ein sigrande konge, og tilsvarande stive og skjematiske framstillingar av gudsmora Maria og heilage personar. Karakteristisk er òg mykje symbolsk bruk av meir eller mindre stiliserte framstillingar av fuglar, ormar, dyr og fabeldyr. Ofte kjempar dei mot kvarandre, eller har menneske i sitt vald, for å illustrere korleis dei vonde og gode kraftene gjer seg gjeldande i tilværet, med den klåre bodskapen at menneska aktivt må ta stode til det som striden står om, og velje den rette sida. Dessutan er det ofte mykje symbolsk eller ornamental bruk av stiliserte planter. Formene og lineføringa kan vere av ein art som har stadeigne røter heilt attende til heiden tid.

Romanske døypefontar av stein er likeeins ofte utstyrte med figurative relieff og/eller geometriske mønster, og det same gjeld nokre skandinaviske døypefontar av tre som er teke vare på i. Helgenskrin og relikvieskrin har òg skulpturell utsmykking. Av anna skulptur som er knytt beinveges til den kristne kulten, merkjer Danmark seg ut ved at det der er teke vare på flest av dei såkalla gylne altar, med Lisbjergaltaret som det eldste; men i Norden finst det så som godt som ikkje noko kyrkjeinventar som er eldre enn frå år 1100.[2]

Måleri og bokkunst[endre | endre wikiteksten]

Kristusmåleri på eit altarfrontale (framstykke på eit altar) frå Castell de Besora i Spania.

Den romanske tida var òg ei tid for måleri og bokkunst. Framsidene av alter i kyrkjene kunne ha fargerike, måla illustrasjonar, og bøkene med religiøst innhald var utstyrt med bilete og dekorerte, store initialar (forbokstavar). Fargerike freskar dekte både veggar og kvelvar i kyrkjene, slik det framleis mellom anna er å sjå i fleire italienske kyrkjer, der òg store parti med bilete i mosaikk å sjå. Bayeuxteppet, eit langt teppe med broderte bilete som syner soga om den normanniske erobringa av England, er eit av dei meir særeigne døma på tidas tekstilkunst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Le petit Robert, Paris 1985, side 1726, ISBN 2-85036-066-X
  2. Poul Grinder Hansen, 1999, Nordens gyldne billeder fra ældre middelalder, København, side 28-30. ISBN 87-21-00389-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Romansk stil