Romanske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romanske språk
Klassifisering: indoeuropeisk
 italisk
  romansk
Område: Opphavleg sørlege Europa og delar av Nord-Afrika, no også store delar av Amerika. Offisielle språk i rundt halvparten av afrikanske land og i delar av Oseania.
Land i verda der ein snakkar romanske språk.

Romanske språk er ei undergruppe av dei italiske språka, nærmare bestemt etterkomarane av dei latinske dialektane som vart tala av vanlege folk i det som blir kalla Det latinske Europa, kjende som folkeleg latin, som utvikla seg i ulike område etter Romarriket braut saman.

Dotterspråka til latin er ulike av ymse årsaker: Historisk isolasjon, innverknad av tidlegare språk i dei områda som kom under romarstyre, invasjonar og kontakt med andre kulturar, for å nemne nokre faktorar. Ordet romansk kjem frå det latinske ordet romanice, bruka i uttrykk som parabolare romanice, å tale på romersk.

Dei mest bruka romanske språka er spansk (kastiljansk), portugisisk, fransk, italiensk og rumensk. Det er mykje dialektvariasjon, og det er ikkje noko klårt skilje mellom eit «språk» og ein «dialekt». Somme variantar er privilegerte i dét at dei er hovudspråket i media og utdanning i sine respektive land. Det gjeld nettopp fransk, italiensk, spansk (kastiljansk), portugisisk, rumensk og etter 1975 også katalansk.

Språkoversyn[endre | endre wikiteksten]

Dette språktreet er ordna hovudsakleg i retning frå vest mot aust (der det lèt seg gjere).