Romerske keisarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Augustus (Gaius Octavius), den første keisaren (i praksis om enn ikkje i namnet) av det veldige Romarriket, og avslutta perioden med den romerske republikken.

Romerske keisarar styrte og herska over Romarriket og utøvde makt over rikets borgara og militærapparat. Romarriket vart utvikla då den romerske republikken invaderte først dei italiske rika på Den italienske halvøya og deretter invaderte og okkuperte det meste av dagens Europa og delar av nordlege Afrika og vestlege Asia.

Under republikken vart regionane i Romarriket styrt av provinsguvernørar som var autoriserte og svara til Senātus Populusque Rōmānus («Senatet og folket i Roma»).[1] Roma og dets Senat var styrt av eit mangfald av magistratar–der konsulane var dei mektigaste. Republikken vart avslutta som system og keisardømmet vart oppretta då desse magistratane vart juridisk og praktisk underlagt éin borger med makt over alle andre magistratar. Augustus, den første keisaren (om enn ikkje i namnet) var omhyggelig på å oppretthalda fasaden av eit enno republikansk styre, kravde ingen særskild tittel for seg sjølv og sin posisjon, og kalla konsentrasjonen av makta til magistaten for princeps senatus («den som går føre» eller «den første mannen til senatet»).[2] I keisartida vart namnet gjeve til keisaren, derav principatet. Denne type regjering varte i rundt 300 år, og er såleis kalla for principatets tidsalder. Det moderne omgrep keisaren er avleidd frå cæsar (første staving «c» uttalast som «k») og kjem frå familienamnet til Gaius Julius Cæsar, den romerske diktatoren.[3] Endringa frå å berre vera eit familienamn til å verta ein keisarlig tittel, stammar frå 68/69, det såkalte året til dei fire keisarane.[4] Det førte til eit autokratisk, keisarlig enevelde.

Ved framvoksteren av mektige barbariske stammar langs Romarrikets grenser og utfordringa dei utgjorde for forsvaret av dei vidstrakt grensane og ustabile resultata, fekk Diokletian til å eksperimentera med å dela keisarlige titlar og ansvar blant fleire einskildpersonar–ein delvis tilbakevending til føraugustinske romerske tradisjonar. For bortimot to hundreår seinare var det ofte meir enn éin keisar samstundes, jamleg delte dei administrasjonen av dei enorme områda som Romarriket bestod av. Historikaren Henry Moss har åtvara at «Sjølv om det er viktig å hugsa at i auga til dei samtidige var Romarriket enno ein udelelig eining. Det er feil for oppfatninga på den tida å snakka om «austlege» og «vestlege» riker; dei to halvdelane av Romarriket vart forstått som «dei austlege eller vestlege delane» (partes orientis vel occidentis).» I mellombels med Theodosius den stores død i 395 vart delingen av Romarriket forskansa og endeleg (sjå Vestromarriket og ØstRomarriket).[5][6] Det siste påskotet for ei slik deling vart formalisert ved den austromerske keisaren Zenon etter at Julius Nepos døydde i 480 (drepen av sine eigne soldatar).

For dei gjenverande tusen åra av romersk historie er i praksis austromersk historie om Det bysantinske riket, oppkalla etter hovudstaden Bysants (som endra namn til Konstantinopel med Konstantin den store). Austromarriket vart styrt frå sistnemnde hovudstad, men opprettheldt krav på dei i stadig meir urolege og ustabile område i vest.[7] Etter 480 e. Kr. førte gjentekne krav på den keisarlige tittelen som Augustus (eller Basileus for gresktalende) til borgarkrig, skjønt eksperimentet med å utnemna juniorkeisarar (no kalla for cæsarer) indikerte vanlegvis at den påtenkte etterfølgjaren vart utnemnd, arveprisen for å bruka eit moderne omgrep. Den endelege undergangen til vestromarriket skjedde i 476, men Austromarriket og ei rekkje av keisarar heldt vidare fram i aust fram til Konstantin XIs død og erobringa av Konstantinopel. Dei muslimske osmanere i 1453.[8]

Legitimitet[endre | endre wikiteksten]

Keisarane på lista i denne artikkelen er dei som generelt er vurdert som «legitime» keisarar, og som opptrer på publiserte keisarlister.[9][10][11] Omgrepet «legitim» (lovleg) er nytta av dei fleste forfattara, men vanlegvis utan ein klår definisjon, kanskje ikkje overraskande, då keisartittelen i seg sjølv var uklar juridisk definert. I Augustus’ opphavleg formulering var dei princeps som vart valt, anten av det romerske senatet eller av «folket» i Roma, men ganske snart vart det militæret som kom til anerkjennast som «folket». Ein person kunne utropast som keisar av sina soldatar eller av «mobben» i gatene, men i teorien var det naudsynt å vorte stadfestast av senatet. Press, tvang og makt, som hyppig skjedde, er underliggande i denne formulering. I tillegg, ein sitjande keisar hadde makt til å namngje sin etterfølgjar og ta han med seg som lærling inn i regjeringa. I slike tilfelle hadde senatet inga rolle i utvelgelginga, skjønt dei kunne likevel ha det, om ein etterfølgjar mangla makt eller innverknad til å hevda seg mot rivaliserande kandidatar. I mellomalderen (eller den bysantinske) periode hadde sjølve definisjonen av senatet vorte så vag og uklar at det òg bidrog til komplikasjonane.[12]

Lista over legitime keisarar er difor delvis påverka av subjektiv vurdering av dei som set dem samen, men òg delvis av historisk konvensjon. Mange av dei «legitime» keisarane lista her kom til keisarmakta ved egenmektig tilegnelse (tronran), og mange «illegitime» fordringshavere hadde eit legitimt krav på posisjonen. Historisk har dei følgjande kriteria vorte nytta for å utleide listene:

  • Eit kvart individ som ubestridt styrde over heile Imperiet ved eit tidspunkt er ein «legitim» keisar.
  • Eit kvart individ som var nominert (innstilt) som arving eller med-keisar av ein legitim keisar, og som etterfulgte å styra i sin eigen rett, er ein legitim keisar.
  • Der det er talrike fordringshave£re, og ingen var legitime arvingar, er den fordringshaveren som vart akseptert av det romerske senatet, den legitime keisaren, i det minste under principatet.

Eksempelvis Aurelianus som kom til trona ved å ta den ved makt, var den eine og udiskutable herskaren i tida 270-275 e.Kr., og var såleis ein legitim keisar. Gallienus, som ikkje kontrollerte heile Romarriket, og vart plaga av andre fordringshavere, var den legitime arvingen av den legitime keisaren Valerianus. Claudius Gothicus som tok keisartrona med makt og heller ikkje kontrollerte heile riket, var likevel den einaste av fordringshaverne som vart akseptert av senatet, og er difor den legitime keisaren. Tilsvarande, under året med dei fire keisarane, var alle fordringshavere, om enn ikkje ubestridte, var ved eit tidspunkt akseptert av senatet og er difor inkludert. Vekselvis, under året med dei fem keisarane, vart korkje Pescennius Niger eller Clodius Albinus akseptert av senatet, og er såleis ikkje inkludert. Det er nokre få døme der einskildindivid vart gjort til med-keisar, men aldri utøvde makt eller innverknad i deres eigen rett (vanlegvis eit barn av ein keisar); desse keisarane er legitime, men er ikkje inkludert i keisarlista, og er i denne artikkelen lista saman med den såkalte seniorkeisaren.

Keisarar etter 395[endre | endre wikiteksten]

Etter 395 er lista over keisarar i Aust basert på dei same generelle kriterium, med det unntaket at keisaren hadde berre ubestridt kontroll over den austlege delen av riket, eller var den legitime arvingen av ØstRomarriket.

Situasjonen i er i vest meir komplekst. Ut i dei siste åra av Vestromarriket (395–480) var den austlege keisaren vurdert som seniorkeisaren, og den vestlege keisaren var berre legitim om han vart anerkjend som det, av den austlege keisaren. Dessutan, etter 455 opphøyrde den vestlege keisaren å vera ein relevant figur og det var difor tidvis ingen fordringshaver til trona i det heile. Alle vestlege keisarar etter 455 er teke med i denne lista, sjølv om dei ikkje vart anerkjent av dei austlege keisarane.[13] Ein del av desse, teknisk sett ikkje-legitime keisarane er inkludert i keisarlistene, medan andre er det ikkje. Eksempelvis var Romulus Augustulus teknisk sett ein tronraner som styrde berre over Den italienske halvøya og var aldri lovmessig anerkjent. Likevel er han tradisjonelt vurdert som «den siste romerske keisaren» av historikarar på 1700- og 1800-talet, og då han vart styrta av Odovakar, er det vurdert som eit vendepunkt mellom historiske epokar. Av den grunn er han vanlegvis inkludert i keisarlista. Likevel har moderne historieforsking klart å stadfesta at Romulus Augustulus’ forgjengar, Julius Nepos, heldt fram å styra som keisar over andre besittelser i Vestromarriket og som ein gallionsfigur for Odovakars styre i Italia fram til Nepos’ død i 480. Sidan spørsmålet om kva som utgjer ein keisar kan vera uklart og tvitydig, og dateringen av «Vestromarrikets fall» er vilkårleg, inklduerer denne lista detaljar om begge figurar.

Keisarar av Romarriket[endre | endre wikiteksten]

Principatet[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå hovudartikkel, Principatet)

Det julo-claudiske dynasti[endre | endre wikiteksten]

Året til dei fire keisarar og det flaviske dynasti[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå hovudartiklar, året til dei fire keisarar og flaviske dynasti

Frå f. Kr.[endre | endre wikiteksten]

Portrett Namn Fødsel Suksesjon Styre Død Tid som keisar
Stockholm - Antikengalerie 4 - Büste Kaiser Galba.jpg Galba SERVIVS SVLPICIVS GALBA CAESAR AVGVSTVS

24. desember 3 f.Kr., i nærleiken av Terracina, Italia Grep makta etter Neros sjølvmord, med støtte frå dei spanske legionane 8. juni 68 e.Kr.–15. januar 69 e.Kr. 15. januar 69 e.Kr. Myrda av pretorianergarden i eit statskupp ledet av Otho.

7 månader og 7 dagar
Oth001.jpg Otho MARCVS SALVIVS OTHO CAESAR AVGVSTVS

28. april 32 e.Kr., Ferentinum, Etruria, Italia. Utnemnt av pretorianergarden 15. januar 69 e.Kr.–16. april 69 e.Kr. 16. april 69 e.Kr. Begjekk sjølvmord etter å ha tapt slaget ved Bedriacum til Vitellius

3 månader, 1 dag (91 dagar)
Pseudo-Vitellius Louvre MR684.jpg Vitellius AVLVS VITELLIVS GERMANICVS AVGVSTVS

24. september 15 e.Kr., Roma Greip makta med støtte av dei germanske legionane (i opposisjon til Galba/Otho) 17. april 69 e.Kr.–20. desember 69 e.Kr. 20. desember 69 e.Kr. Myrda av Vespasians soldatar

8 månader
Vespasianus01 pushkin edit.png Vespasian TITVS FLAVIVS CAESAR VESPASIANVS AVGVSTVS

17. november 9 e.Kr. Falacrine, Italia. Greip makta med støtte av dei austlege legionane (i opposisjon til Vitellius) 21. desember 69 e.Kr.–24. juni 79 e.Kr. 24. juni 79 e.Kr. Naturlege årsaker

10 år
Titus of Rome.jpg Titus TITVS FLAVIVS CAESAR VESPASIANVS AVGVSTVS

30. desember 39 e.Kr., Roma Son av Vespasian 24. juni 79 e.Kr.–13. september 81 e.Kr. 13. september 81 e.Kr. Naturlege årsaker (feber)

2 år, 3 månader
Domiziano da collezione albani, fine del I sec. dc. 02.JPG Domitian TITVS FLAVIVS CAESAR DOMITIANVS AVGVSTVS

24. oktober 51 e.Kr., Roma Son av Vespasian 14. september 81 e.Kr.–18. september 96 e.Kr. 18. september 96 e.Kr. Myrda av styresmaktspersonar ved hoffet

15 år
Nerva Tivoli Massimo.jpg Nerva MARCVS COCCEIVS NERVA CAESAR AVGVSTVS

8. november 30 e.Kr., Narni, Italia Utnemnt av det romerske senatet. 18. september 96 e.Kr.–27. januar 98 e.Kr. 27. januar 98 e.Kr. Naturlege årsaker

1 år, 4 månader
Traianus Glyptothek Munich 336.jpg Trajan CAESAR MARCVS VLPIVS NERVA TRAIANVS AVGVSTVS

18. september 53 e.Kr., Italica, Hispania Baetica Adoptert son og arving av Nerva 28. januar 98 e.Kr.–7. august 117 e.Kr. 7. august 117 e.Kr. Naturlege årsaker

19 år, 7 månader
Bust Hadrian Musei Capitolini MC817.jpg Hadrian CAESAR PVBLIVS AELIVS TRAIANVS HADRIANVS AVGVSTVS

24. januar 76 e.Kr., Italica, Hispania Baetica (eller Roma) Adoptert son og arving av Trajan 11. august 117 e.Kr.–10. juli 138 e.Kr. 10. juli 138 e.Kr. Naturlege årsaker

21 år
Antoninus Pius Glyptothek Munich 337.jpg Antoninus Pius CAESAR TITVS AELIVS HADRIANVS ANTONINVS AVGVSTVS PIVS

19. september 86 e.Kr., i nærleiken av Lanuvium, Italia Adoptert son og arving av Hadrian 10. juli 138 e.Kr.–7. mars 161 e.Kr. 7. mars 161 e.Kr. Naturlege årsaker

22 år, 7 månader
Marcus Aurelius Glyptothek Munich.jpg Marcus Aurelius CAESAR MARCVS AVRELIVS ANTONINVS AVGVSTVS

26. april 121 e.Kr., Roma Adoptert son, svigerson og arving av Antoninus Pius; samkeisar med Lucius Verus until 169 e.Kr. 7. mars 161 e.Kr.–17. mars 180 e.Kr. 17. mars 180 e.Kr. Naturlege årsaker

19 år
Lucius Verus - MET - L.2007.26.jpg Lucius Verus CAESAR LVCIVS AVRELIVS VERV sin AVGVSTVS

15. desember 130 e.Kr., Roma Adoptert son og arving av Antoninus Pius og svigerson av Marcus Aurelius; samkeisar med Marcus Aurelius inntil død 7. mars 161 e.Kr.–? mars 169 e.Kr. Mars 169 e.Kr. Naturlege årsaker (Antoninus-pesta)

8 år
Commodus Musei Capitolini MC1120.jpg Commodus CAESAR MARCVS AVRELIVS COMMODVS ANTONINVS AVGVSTVS

31. august 161 e.Kr., Lanuvium, Italia Son utan for ekteskap av Marcus Aurelius; medkeisar frå 177 e.Kr. 177 e.Kr.–31. desember 192 e.Kr. 31. desember 192 e.Kr. Myrda i palasset, kvelt til døydde

15 år
Alba Iulia National Museum of the Union 2011 - Possible Statue of Roman Emperor Pertinax Close Up, Apulum.JPG Pertinax CAESAR PVBLIVS HELVIVS PERTINAX AVGVSTVS

1. august 126 e.Kr., Alba, Italia Utropt som keisar av pretorianergarden 1. januar 193 e.Kr.–28. mars 193 e.Kr. 28. mars 193 e.Kr. Myrda av pretorianergarden

3 månader
DidiusJulianusSest.jpg Didius Julianus CAESAR MARCVS DIDIVS SEVERVS IVLIANVS AVGVSTVS

133 or 137 e.Kr., Milano, Italia Vand auksjon heldt av pretorianergarden for posisjonen som keisar 28. mars 193 e.Kr.–1. juni 193 e.Kr. June 1, 193 e.Kr. Avretta på ordre av det romerske senatet

2 månader, 4 dagar (65 dagar)
Septimius Severus busto-Musei Capitolini.jpg Septimius Severus CAESAR LVCIVS SEPTIMIVS SEVERVS PERTINAX AVGVSTVS

11. april 145 e.Kr., Leptis Magna, Africa Greip makta med støtte frå legionane i Pannonia[14] 9. april 193 e.Kr.–4. februar 211 e.Kr. 4. februar 211 e.Kr. Naturlege årsaker

17 år, 10 månader
Caracalla03 pushkin.jpg Caracalla CAESAR MARCVS AVRELIVS SEVERVS ANTONINVS PIVS AVGVSTVS

4. april 188 e.Kr., Lugdunum, Gallia Lugdunensis Son av Septimius Severus; samkeisar med Severus frå 198 e.Kr.; med Severus og Geta frå 209 e.Kr. og fram til februar 211 e.Kr.; samkeisar med Geta fram til desember 211 e.Kr. 198 e.Kr.–8. april 217 e.Kr. 8. april 217 e.Kr. Myrda av ein soldat som ein del av ein sammensvergelse som involverte Macrinus

19 år
Macrinus MARCVS OPELLIVS SEVERVS MACRINVS AVGVSTVS PIVS FELIX med Diadumenianus MARCVS OPELLIVS ANTONINVS

DIADUMENIANVS







ca. 165 e.Kr., Iol Caesarea, Mauretania Pretorisk prefekt til Caracalla, konspirerte antakeleg for å få Caracalla myrda og utropa seg sjølv som keisar etter Caracallas død; utnemnde sin son Diadumenianus til juniorkeisar i mai 217 11. april 217 e.Kr.–8. juni 218 e.Kr. 8. juni 218 e.Kr. Begge avretta til fordel for Elagabalus

1 år, 2 månader
Bust of Elagabalus - Palazzo Nuovo - Musei Capitolini - Rome 2016 (2).jpg Elagabalus MARCVS AVRELIVS ANTONINVS AVGVSTVS

ca. 203 e.Kr., Emesa, Romersk Syria I slekt med Septimius Severus, påstått son utanfor ekteskap av Caracalla; utropt til keisar av dei syriske legionane 8. juni 218 e.Kr.–11. mars 222 e.Kr. 11. mars 222 e.Kr. Myrda av pretorianergarden

3 år, 9 månader
Alexander severus.jpg Alexander Severus CAESAR MARCVS AVRELIVS SEVERVS ALEXANDER AVGVSTVS

1. oktober 208 e.Kr., Arca Caesarea, Romersk Syria I slekt med Septimius Severus, fetter og adoptert arving av Elagabalus 13. mars 222 e.Kr.–18. mars 235 e.Kr. 18. mars 235 e.Kr. Myrda av hæren

13 år
Maximinus Thrax Musei Capitolini MC473.jpg Maximinus Thrax CAESAR GAIVS IVLIVS VERV sin MAXIMINVS AVGVSTVS

ca .173, Trakia eller Moesia Utropt til keisar av dei germanske legionane etter mordet på Alexander Severus 20. mars 235–juni 238 Juni 238 Myrda av pretorianergarden

3 år, 3 månader
Gordian I Musei Capitolini MC475.jpg Gordian I CAESAR MARCVS ANTONIVS GORDIANVS SEMPRONIANVS AFRICANVS AVGVSTVS

ca. 159, Frygia? Utropt til keisar medan han var prokonsul i Africa under eit opprør leidd mot Maximinus Thrax. Styrde saman med sin son Gordian II, og i opposisjon til Maximinus. Teknisk sett ein usurpator (tronraner), men i retrospektiv legitimert av tiltredelse av Gordian III 22. mars 238–12. april 238 April 238 Begjekk sjølvmord etter å ha fått høyra om at sonen Gordian IIs død.

21 dagar
GordianusIIsest.jpg Gordian II CAESAR MARCVS ANTONIVS GORDIANVS SEMPRONIANVS ROMANVS AFRICANVS AVGVSTVS

ca. 192, ? Utropt til keisar saman med sin far Gordian I, i opposisjon til Maximinus Thrax ved vedtak i det romerske senatet. 22. mars 238–12. april 238 April 238 Drepe under slaget ved Kartago i kamp mot hær som var tilhengar av Maximinus Thrax

21 dagar
Pupienus Musei Capitolini MC477.jpg Pupienus CAESAR MARCVS CLODIVS PVPIENVS MAXIMVS AVGVSTVS

ca. 178, ? Utropt til keisaren til felle med Balbinus av det romerske senatet i opposisjon med Maximinus; seinare medkeisar av Balbinus. 22. april 238–29 juli 238 29 juli 238 Myrda av pretorianergarden

3 månader
Balbinus Hermitage.jpg Balbinus CAESAR DECIMVS CAELIVS CALVINVS BALBINVS PIVS AVGVSTVS

? Utropt til keisaren til felle med Pupienus av det romerske senatet etter at både Gordian I og II var døydde, i opposisjon til Maximinus; seinare medkeisar av Pupienus av Gordian III 22. april 238–29. juli 238 29. juli 238 Myrda av pretorianergarden

3 månader
Bust Gordianus III Louvre Ma1063.jpg Gordian III CAESAR MARCVS ANTONIVS GORDIANVS AVGVSTVS

20. januar 225, Roma Utropt til keisarar av tilhengarane av Gordian I og II, deretter av det romerske senatet; felles keisar med Pupienus og Balbinus fram til juli 238. 22. april 238–11. februar 244 11. februar 244 Ukjent; moglegvis myrda på ordre frå Filip araberen

6 år
Bust of emperor Philippus Arabus - Hermitage Museum.jpg Filip I CAESAR MARCVS IVLIVS PHILIPPVS AVGVSTVS med

Filip II



ca. 204, Shahba, Romersk Syria Pretorisk prefekt hos Gordian III, tok makta etter hans død; gjorde sin son Filip II til samkeisar sommaren 247 Februar 244–September/oktober 249 September/oktober 249 Drepen i slag mot Trajan Decius i nærleiken av Verona

5 år
Emperor Traianus Decius (Mary Harrsch).jpg Trajan Decius CAESAR GAIVS MESSIVS QVINTVS TRAIANVS DECIVS AVGVSTVS med

Herennius Etruscus



ca. 201, Budalia, Pannonia Inferior Guvernør under Filip araberen; utropt til keisar av legionane ved Donau og overvann Filip i slag; gjorde sin son Herennius Etruscus til medkeisar i tidleg i 251 September/oktober 249–juni 251 Juni 251 Begge drepen i slaga ved Abrittus i kamp mot goterne .

2 år
Hostilianus CAESAR CAIVS VALENS HOSTILIANVS MESSIVS QVINTVS AVGVSTVS

Sirmium Son av Trajan Decius, akseptert som arving av det romerske senatet Juni 251–slutten av 251 September/oktober 251 Naturlege årsaker (Cyprianus' pest)

4-5 månader
Ritratto di trebonianno gallo III sec. dc. 01.JPG Trebonianus Gallus CAESAR GAIVS VIBIVS TREBONIANVS GALLVS AVGVSTVS med Volusianus







206, Italia Guvernør av Moesia Superior, utropt til keisar av legionane ved Donau etter Trajan Decius' død (og i opposisjon til Hostilianus); gjorde sin son Volusianus til medkeisar i slutten av 251. Juni 251–august 253 August 253 Myrda av sina eigne soldatar til fordel av Aemilianus

2 år
Aemilian1.jpg Aemilianus CAESAR MARCVS AEMILIVS AEMILIANVS AVGVSTVS

ca. 207 Africa Guvernør av Moesia Superior, utropt til keisar av legionane ved Donau etter å ha overvunne goterne; akseptert som keisar av at Gallus var død. August 253–oktober 253 September/oktober 253 Myrda av sina eigne soldatar til fordel av Valerianus

2 månader
Aureus Valerian-RIC 0034 (obverse).jpg Valerianus CAESAR PVBLIVS LICINIVS VALERIANVS AVGVSTVS

ca. 195 Guvernør av Noricum og Raetia, utropt til keisar av legionane ved Rhinen etter at Gallus var død; akseptert som keisar etter at Aemilianus var død. Oktober 253–260 Etter 260 Teke til fange i slaga ved Edessa mot perserne, døydde i fangenskap.

7 år
Gallienus.jpg Gallienus CAESAR PVBLIVS LICINIVS EGNATIVS GALLIENVS AVGVSTVS med

Saloninus



218 AD Son av Valerianus, gjort til medkeisar i 253; hans son Saloninus var i særs kort tid medkeisar i ca. juli 260 før han vart myrda av Postumus. Oktober 253–September 268 September 268 AD Myrda ved Aquileia av sina eigen offiserar

15 år
Santa Giulia 4.jpg Claudius Gothicus CAESAR MARCVS AVRELIVS CLAVDIVS AVGVSTVS

10. mai 213/214, Sirmium Seierrik general i slaga ved Naissus, greip makta etter at Gallienus var død. September 268–januar 270 January 270 AD Naturlege årsaker (Cyprianus' pest)

1 år, 4 månader
Quintillus-270-Antoninianus-2,51g-(CNG).jpg Quintillus CAESAR MARCVS AVRELIVS CLAVDIVS QVINTILLVS AVGVSTVS

?, Sirmium Bror av Claudius Gothicus, grep makta etter hans død. Januar 270–270 270 Uklart; moglegvis sjølvmord eller kanskje myrda

Ukjent
Aurelian.jpg Aurelianus CAESAR LVCIVS DOMITIVS AVRELIANVS AVGVSTVS

9. september 214/215, Sirmium Utropt til keisar av legionane ved Donau etter at Claudius II var død, i opposisjon til Quintillus September(?) 270– september 275 September 275 Myrda av pretorianergarden

5 år
EmpereurTacite.jpg Tacitus CAESAR MARCVS CLAVDIVS TACITVS AVGVSTVS

ca. 200, Interamna Valt av det romerske senatet for å erstatta Aurelian, etter eit kort interregnum 25. september 275–juni 276 Juni 276 Naturlege årsaker (moglegvis myrda)

9 månader
Florianus-Antoninianus(3.6g)-Lugdunum-276(CNG).jpg Florianus CAESAR MARCVS ANNIVS FLORIANVS AVGVSTVS

? Halvbror av Tacitus, valt av hæren i vest for å erstatta han. Juni 276–september? 276 September? 276 Myrda av sina eigne soldatar til fordel av Probus

3 månader (88 dagar)
Probus Musei Capitolini MC493.jpg Probus CAESAR MARCVS AVRELIVS PROBVS AVGVSTVS

232, Sirmium Guvernør av dei austlege provinsane, utropt til keisar av legionane ved Donau i opposisjon av Florian September? 276–september/oktober 282 September/oktober 282 Myrda av sina eigne soldatar til fordel av Carus

6 år
Antoninianus of Carus.jpg Carus CAESAR MARCVS AVRELIVS CARVS AVGVSTVS

ca. 230, Narbo, Gallia Pretorisk prefekt hos Probus; grep makta anten før eller etter at Probus var myrda September/oktober 282–slutten av juli/tidleg i august 283 Slutten av juli/tidleg i august 283 Naturlege årsaker? (moglegvis drepen av lynnedslag)

10-11 månader
NumerianusAntoninianus.jpg Numerianus CAESAR MARCVS AVRELIVS NVMERIVS NVMERIANVS AVGVSTVS

? Son av Carus, etterfulgte han saman med sin bror Carinus Slutten av juli/tidleg i august 283–284? 284 Uklart; moglegvis myrda

1 år
Montemartini - Carino cropped (enhanced).JPG Carinus CAESAR MARCVS AVRELIVS CARINVS AVGVSTVS

? Son av Carus, etterfulgte han saman med sin bror Numerianus Slutten av juli/tidleg i august 283–285 285 Døydde i slag mot Diokletian?

2 år

Frå 300 e. Kr.[endre | endre wikiteksten]

Dominatet[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå hovudartikkel, Dominatet

Tetrarkiet og det konstantinske dynasti[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå hovudartikkel, Tetrarkiet
Portrett Namn Fødsel Suksesjon Styre Død Tid som keisar
Istanbul - Museo archeol. - Diocleziano (284-305 d.C.) - Foto G. Dall'Orto 28-5-2006.jpg Diokletian CAESAR GAIVS AVRELIVS VALERIVS DIOCLETIANVS AVGVSTVS

ca. 22. desember 244, Salona Utropt til keisar av hæren etter Numerianus' død, og i opposisjon til Carinus; tiltredde Maximian som senior medkeisar i 286 20. november 284–1. mai 305 3. desember 311 Abdiserte; daude av naturlege årsaker i Aspalatos

20 år
Toulouse - Musée Saint-Raymond - Maximien Hercule1.jpg Maximian CAESAR MARCVS AVRELIVS VALERIVS MAXIMIANVS AVGVSTVS

ca. 250, i nærleiken av Sirmium, Pannonia Tiltredde som senior medkeisar (augustus) i vest av Diokletian i 286 1. april 286–1. mai 305 310 Abdiserte med Diokletian; freista to gonger å få trona med, og deretter frå Maxentius; fanget av Konstantin I og begjekk sjølvmord på hans befaling

19 år
Const.chlorus01 pushkin.jpg Konstantius I Klorus CAESAR GAIVS FLAVIVS VALERIVS CONSTANTIVS AVGVSTVS

31. mars ca. 250, Dardania, Moesia Tiltredde som junior medkeisar (cæsar) og arving Maximian i 293 1. mai 305–25. juli 306 306 Naturlege årsaker

1 år og 2 månader
Romuliana Galerius head.jpg Galerius CAESAR GALERIVS VALERIVS MAXIMIANVS AVGVSTVS

ca. 260, Felix Romuliana, Moesia Superior Tiltredde som junior medkeisar (cæsar) og arving av Diokletian i 293. Òg svigerson av Diocletian. 1. mai 305–mai 311 311 Naturlege årsaker

6 år
Follis-Flavius Valerius Severus-trier RIC 650a (cropped).jpg Severus II FLAVIVS VALERIVS SEVERVS AVGVSTVS

? Tiltredde som junior medkeisar (cæsar) og arving av Konstantius I Klorus i 305; etterfulgte som Augustus i 306; opposisjon frå Maxentius og Konstantin I Sommaren 306–mars / april 307 16. september 307 Teke til fange Maxentius og tvinga til å¨begå sjølvmord (eller myrda)

1 år
Rome-Capitole-StatueConstantin.jpg Konstantin I CAESAR FLAVIVS CONSTANTINVS VALERIVS AVGVSTVS

27. februar ca. 272, Naissus, Moesia Superior Son av Konstantius I Klorus, utropt til keisar av sin soldatane til far; akseptert som cæsar (i vest) av Galerius i 306; forfremja til augustus (i vest) i 307 av Maximian etter at Severus II var død; nekta relegering til cæsar i 309 25. juli 306–22. mai 337 22. mai 337 Naturlege årsaker

31 år
Maxentius02 pushkin.jpg Maxentius MARCVS AVRELIVS VALERIVS MAXENTIVS AVGVSTVS

ca. 278 ? Son av Maximian, grep makta i 306 etter at Konstantius I Klorus var død, i opposisjon til Severus og Konstantin I; gjort til cæsar (i vest) av Maximian i 307 etter at Severus var død. 28. oktober 306–28. oktober 312 28. oktober 312 Daude i slaget ved Ponte Milvio, mot Konstantin I

6 år
Daza01 pushkin.jpg Maximinus II Daia CAESAR GALERIVS VALERIVS MAXIMINVS AVGVSTVS

20. november ca. 270, Dacia Aureliana Nevø av Galerius, tiltredde som cæsar og hans arving i 305; etterfulgte som augustus (delte med Licinius) i 311 1. mai 311–juli/august 313 Jul/august 313 Overvann i borgarkrigen mot Licinius; begjekk antakeleg sjølvmord deretter

2 år
Aureus of Licinius.png Licinius CAESAR GAIVS VALERIVS LICINIVS AVGVSTVS med Valerius Valens Sextus Martinianus









ca. 250, Felix Romuliana, Moesia Superior Svigerson av Konstantius I Klorus, utnemnt til augustus i vest av Galerius i 308, i opposisjon til Maxentius; vart augustus i aust i 311 etter at Galerius var (delte med Maximinus II Daza); overvann Maximinus i borgarkrig for å verta enehersker i aust 313; utnemnde Valerius Valens i 317, og Sextus Martinianus i 324 som augustus i vest, i opposisjon til Konstantin, begge vart avretta innan veker. 11. november 308–18. september 324 325 Overvann i borgarkrig mot Konstantin I i 324 og teken til fange; avretta på ordre av Konstantin året etter

16 år
Campidoglio, Roma - Costantino II cesare dettaglio.jpg Konstantin II CAESAR FLAVIVS CLAVDIVS CONSTANTINVS AVGVSTVS

316, Arles Son av Konstantin I; utnemnt til cæsar i 317, etterfulgte som vert felt augustus med sina brør Konstantius II og Konstans 22. mai 337–340 340 Døydde i slag mot Konstans

3 år
Bust of Constantius II (Mary Harrsch).jpg Konstantius II CAESAR FLAVIVS IVLIVS CONSTANTIVS AVGVSTVS

August 7, 317 AD, Sirmium, Pannonia Son av Konstantin I; etterfulgte som vert felt augustus med sina brør Konstantin II og Konstans; enehersker frå 350 22. mai 337–3. november 361 361 Naturlege årsaker

24 år
Emperor Constans Louvre Ma1021.jpg Konstans CAESAR FLAVIVS IVLIVS CONSTANS AVGVSTVS

320, ? Son av Konstantin I; etterfulgte som vert felt augustus med sina brør Konstantin II og Konstantius II 22. mai 337–350 350 Myrda på ordre av usurpatoren Magnentius

13 år
Solidus Vetranio (obverse).jpg Vetranio ?, Moesia General av Konstans, utropt til cæsar mot Magnentius og mellombels akseptert som augustus i vest av Konstantius II. 1. mars–25. desember 350 ca. 356 Som ein privat borgar, etter abdisering.

9 månader
JulianusII-antioch(360-363)-CNG.jpg Julianus II «den frafalne» CAESAR FLAVIVS CLAVDIVS IVLIANVS AVGVSTVS

331/332, Konstantinopel, Trakia Fetter av Konstantius II; gjort til cæsar i vest i 355; utropt til augustus av sina soldatar i 360; enehersker etter at Konstantius II døydde Februar 360–26. juni 363 26. juni 363 Døyeleg såra i slag

3 år
Jovian1.jpg Jovianus CAESAR FLAVIVS IOVIANVS AVGVSTVS

331, Singidunum, Moesia General av Julianus' hær; utropt til keisar av soldatane etter Julianus' død 26. juni 363–17. februar 364 17. februar 364 Naturlege årsaker (omkom i koldioksidforgiftning?

)
1 år

Det valentinianske dynasti[endre | endre wikiteksten]

Det theodosiske dynasti[endre | endre wikiteksten]

  • Theodosius I den store (392395)

Ved Theodosius' død i 395 vart romarriket delt mellom hans to søner Arcadius og Honorius. For fortsettelsen sjå:

  • Liste over austromerske keisarar
  • Liste over vestromerske keisarar

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Frasen, forkorta som SPQR, opptrer tallause gonger i romersk politisk, juridisk og historiske litteratur, inkludert i talene til Cicero og Ab urbe condita libri («Bøker frå byens grunnleggelse») av Titus Livius. Sjå forekomster på «Roman Senate and People» hos Perseus.edu
  2. Holland, Tom (2004): Rubicon: The Triumph and Tragedy of the Roman Republic, Abacus, ISBN 978-0349115634
  3. «keisar», Bokmålsordboka
  4. Det engelske moderne omgrepet «emperor» som synonym for keisar er avleia frå tittelen imperator som løselig sett tilsvarte «kommandant» under den romerske republikken og vart gitt til en seierrik general som ærestittel.
  5. Moss, Henry ([1935] 1998): The Birth of the Middle Ages 395-814, Clarendon Press, London; opptrykk av Folio Society, London, s. 17
  6. Starr, Chester G. (1974): A History of the Ancient World, 2. utg.
  7. «Byzantine Empire», Ancient History Encyclopedia
  8. The End of the Byzantine Empire, 1081-1453 Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 24. september 2015 på Wayback Machine.
  9. Lee (1994): Larousse Pockect Guide Kings and Queens, s. 163–164.
  10. Goldsworthy (2010): The Fall of the West, s. 425–440
  11. Breeze & Dobson (2000): Hadrian's Wall, s. 251–255
  12. Moss, Henry ([1935] 1998): The Birth of the Middle Ages, London: Folio Society, opptrykk; s. 24-28, 281-284.
  13. «Roman Emperors After Theodosius I», Ancient History
  14. De andre som krevde tronen i året med de fem keisare var Pescennius Niger og Clodius Albinus, støttet av henholdsvis legionene i Syria og Britannia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]