Romestrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romestrand
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Postnummer 6174 BARSTADVIK
Gardnummer 87

Romestrand er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Han ligg i bygda Barstadvik, og er nedste garden på austsida av Storelva. Dei opphavlege tuna ligg eit par hundre meter frå Vartdalsfjorden. Romestrand grensar mot garden Vollane.

Garden er nemnd i 1520. Ein reknar likevel garden for å vere mykje eldre. I 1603 var garden delt i tre bruk, noko han var fram til 1900-talet. Ein husmann busette seg på Hjellen, plassen vart matrikulert i 1901.

Garden hadde seter på Gamlestøylen i fjellsida ovan om Vollane.

16. juli 1873, under eit stort vassfløde vart ein del av bømarka på Romestrand skadd av flaumen. Noko bømark vart gruslagd, medan ein del jord vart ført ut i fjorden.

Alle med etternamnet Romestrand bur på eller stammar frå garden.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 23 – (3 heimar)
  • 1865: 23 – (4 heimar)
  • 1900: 28 – (4 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900