Romsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Romsa
Geografi
Norway - Romsa.png
Stad Vestlandet
Koordinatar 59°40′37″N 05°44′20″EKoordinatar: 59°40′37″N 05°44′20″E

Tal på øyar 9

Høgaste punkt Stølshaugen (60 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland

Demografi
Folketal 0

Romsa er ei øygruppe i Bjoafjorden i Vindafjord kommune. Romsaøyane består av 3 større og 6 mindre øyar.

På Romsa har det budd folk i minst 2000 år. Opp gjennom tidene har det budd både lensmann og prest på øyane. Opphavleg var øyane eitt gardsbruk, men frå 1840 vart det ni sjølvstendige gardsbruk på øyane. I 1865 var det busett 77 personar på Romsa. Frå 1923 til 1944 var øyane eigen skulekrets. Øyane hadde òg dampskipsanløp og postopneri. Næringsgrunnlaget på øyene var jordbruk, fiske, handverk og tømmerutskiping. Rundt 1960 vart øyane fråflytta og heile øygruppa vart kjøpt og lagt ut til forsøksfelt for skogsfrøavl. Store delar av øygruppa vart då planta med grantre. Øyene endra dramatisk karakter då det meste av granskogen vart fjerna vinteren 1996 - 1997. Hogstflata er no vokse til med gras og i samarbeid med Statsskog er målet å få tilbake den opphavlege vegetasjonstypen på øyane.

I 1990 vart øygruppa sikra som offentleg friluftsområde. I ettertid har øyane vore ein populær utfartsstad for båtfolket i Sunnhordland. Rundt øygruppa er det høve til eit rikt og variert sportsfiske. Langs heile vestsida av Store-Romsa er det gode høve stongfiske frå land. Frå båt kan ein ta stortorsken ved ein av dei mange fluene rundt øyriket. Øyane byr på meir enn fine badeviker, fiskeplasser og gode båthamner. Gamle bygg og husruinar gjer øyane til ein spanande stad. På Haukelandstunet står både våningshus, låve og eldhus. Gamle ferdselsvegar er i dag gode turvegar og stiar. I 2000 vart Romsa naturreservat på austre del av Store-Romsa freda. Her finn ein den største kristtornskogen i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]