Romsdal Folkeblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Romsdal Folkeblad var ei avis som kom ut i Molde frå 1928 til 1987. Mellom andre Olav Oksvik var sentral i arbeidet med å få i gang avisa. Ho var organ for Det norske Arbeidarpartiet, mens konkurrenten, Romsdals Budstikke, var Venstre-avis fram til etter kløyvinga av Venstre i 1972, da ho blei såkalla uavhengig.

Romsdal Folkeblad blei berre kalla “Folkebladet” på folkemunne. Ho blei stansa av nazi-styresmaktene under okkupasjonen 19401945, mens “Budstikka” heldt fram med å komme ut, under nazikontroll. Fram til midten av 1970-åra var det ikkje klårt kva for ei av desse avisene som ville vinne opplagskonkurransen, sjølv om Budstikka hadde fått eit forsprang som annonseorgan. Men frå slutten av dette tiåret gjekk Budstikka ifrå, og Folkebladet måtte strekkje våpen i 1987.