Romsdal Steinindustri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romsdal Steinindustri
frå steinbrotet i Vistdal

Romsdal Steinindustri AS er eit familieføretak i Nesset kommune som produserer interiør- og beleggssteinen vistdalitt. Det er registrert som aksjeselskap under bransjen hogging og behandling av monument- og bygningsstein.

Selskapet har adresse Romsdal Steinindustri AS, 6364 Vistdal, og vart stifta i 2004. Føretaket tek ut og behandlar stein frå eige steinbrot. Frå brotet tek ein ut norsk gabbro som heile steinblokker.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Verksemda er ei vidareføring av eit tidlegare steinbrot. I 1928 fann Gunnar Opdal ein større førekomst av amfibolitt ved Opdal. Geologar vart engasjerte for analyse av denne førekomsten. Han viste seg å vere drivverdig og ein starta å ta ut stein frå eit steinbrot i 1931. Amfibolitten fekk handelsnamnet Vistdalitt og vart karakterisert som ein førekomst av Gabbro.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]