Romsdaling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå Romsdalingar.

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke — det vil seie i romsdalskommunane med unntak av eldre mål på Eidsøra og lengst nord på Hustad. Dialekten har mykje felles med trøndsk, nordaustlandsk og sørleg nordnorsk i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstaņņ, skåłiņņ); og dessutan i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęmm víso). I ordskatten heng romsdaling i alt vesentleg saman med trøndsk.[1] Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene endar på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)). Frå nabodialekten nordmøring skil romsdaling seg særleg ut ved hyppig svekking av -a (og stundom -o) til -e, ved lange former i historiske -ja-infinitivar og ved fleire regelrette presensformer (gjęng, stęnn) der nordmøring (og eikesdaling og moldedialekt) har nyare former (går, står).

Om skrivemåten her[endre | endre wikiteksten]

Skrivemåten er i utgangspunktet etymologisk, med diakritiske teikn (aksent over, kvist under) og ekstrabokstavar for å markere uttale. Lange, tronge vokalar er markerte med akutt aksent (fór, hús). Aksentar tyder ikkje nødvendigvis at vokalen har hovudtrykket i ordet. Opna vokalar er markerte med kvist under (hęst, stǫkk). I fall der opninga av o varierer, står vokalen umarkert: veko. Tjukk l er markert med skråstrek gjennom: ł. Palataliserte dentalar er markerte med komma under: båtaņņ, baļļ. For å markere samantrekt ei og øy blir det skrive æ (for ei) og ö (for øy). Mange stader er det samanfall mellom æ og ö så vel som mellom í og ý.

Bratt tonelag (tonem 1, inkludert i ord med stavingsberande konsonant (bí’ln, brí’sn); og i Eikesdalen kanskje cirkumfleks) blir markert med ein apostrof rett etter den trykksterke vokalen. I alle andre fall blir ord med meir enn ei staving uttala med flatt tonelag (tonem 2): bíla, vare, váre, grísn.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Konvensjonelt har romsdaling vorte klassifisert under nordvestlandske e-mål dei siste hundre åra, men går ein nøyare inn på målmerka og ordskatten, så viser det seg snart at dette gjev eit lite presist totalinntrykk av dialekten. Romsdalsdialekten står i ei mellomstilling mellom dei andre nordvestlandske e-måla, trøndsk og midlandsmål — noko som òg passar godt med den geografiske plasseringa mellom desse.

Trøndske trekk[endre | endre wikiteksten]

Utjamning[endre | endre wikiteksten]

Det finst nokre få ord i romsdalsdialekten som tyder på tidlegare jamvektsmål med utjamning. Ordet vare (‘vera’; Eikesdalen: vara som på Nordmøre) er eit slikt ord. I det fallet er det likevel mogleg at posisjonen mellom v og r kan ha spela inn, og former som å vara og å va blir bruka langt utanom utjamningsområdet, inkludert i helgelending. Eit klårare eksempel er ordet bare (‘bora’),[2] som heng saman med den nordmørske forma bara.

Midlandske trekk[endre | endre wikiteksten]

Bevart kortstaving i ord med kort rotvokal + kort konsonant er framleis ganske utbreidd i Romsdalen. Dette trekket finst òg på delar av Nordmøre, men er mykje meir konsekvent halde på i nordenden av Gudbrandsdalen. Mangel av palatalisering ved historisk nd (ónnde (‘under’), venn (‘vind’), stønn (‘stund’)) er svært vanleg, særleg i indre strøk (og dessuten i SunndalenNordmøre).

Den ikkje-palatale endingskonsonanten i dativ eintal og bunden form fleirtal av svake hokjønnsord i det meste av Romsdalen ser vi òg delvis i Nord-Gudbrandsdalen (vísun ~ vísøn ~ vísøyņņ). Overgangen frå u, truleg via ø, til e samsvarar bra med øvrig hyppig senking av historisk korte vokalar føre ikkje-palatale konsonantar i romsdalsdialekten (venn (‘vind’), stønn ~ stónn (‘stund’)) og bør dermed truleg sjåast som ein felles tendens med Gudbrandsdalen heller som samsvar med dei meir fonologisk ulike formene i sunnmørsdialekten (vísiņņe ~ víseņņe).

Nordvestlandske trekk[endre | endre wikiteksten]

Dei nordvestlandske trekka i romsdalsdialekten er først og fremst trekk som er felles med sunnmøring. Trekka det dreier seg om er først og fremst gjennomført e-ending i infinitiv (å kom(m)e, å éte, å hæte) og i ubunden form av svake hokjønnsord (ei veke, ei víse). Eit anna nordvestlandsk trekk kjenner vi att i sporadisk runding av a føre ng i enkelte ord (mǫnge ~ mange (‘mange’)). Andre enkeltord som er felles med vestnorsk inkluderer (‘da’) og presensformer som gjęng (‘går’), stęnn (‘står’) og fłér (‘flår’).

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Personlege pronomen[endre | endre wikiteksten]

Det mest kjente trekket ved dei personlege pronomena i romsdalsdialekten er 1. person eintal nominativ i ('eg') — ei form som òg er vanleg i Lesja i Gudbrandsdalen og i Sunndalen, Eide og delvis på AverøyaNordmøre. Eit anna generelt kjenneteikn er forma ('dei') i 3. person fleirtal nominativ, akkusativ og dativ — noko som viser fellesskap med sunnmørsk dęi, men står i motsetnad til nordmørsk dęm og gudbrandsdalsmål døm.

I første person fleirtal nominativ blir forma ('vi') bruka dei fleste stadene. På Hustad blir forma bruka, som på det meste av Nordmøre, medan ås blir noko bruka øvst i Raumadalen.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Hannkjønnsord[endre | endre wikiteksten]

Eintal

Fleirtal

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

 

n./a.

dativ

 

n./a.

dativ

båt

bå’tn

bå’ta

båta

båtaņņ

båtǫ

labb

la’bben

la’bba

labba

labbaņņ

labbǫ

stǫkk

stǫ’kkjiņņ
(stǫ’kkjen)

stǫ’kkja

stǫkka

stǫkkaņņ

stǫkkǫ

grís

grí’sn

grí’sa

gríse

grísiņņ
(grísn)

grísǫ

Sterke hannkjønnsord[endre | endre wikiteksten]

Hovudregelen er at sterke hannkjønnsord får a-ending i ubestemt fleirtal. Eintalsformene varierer etter utlyden i grunnordet: Ord med dentalutlyd får -n (bå’tn, gú’tn, pła’ssn); ord med labialutlyd får -en og ord med velar utlyd får -ʲiņņ i akkusativ/dativ eintal (stǫ’kkjiņņ, ve’ddjiņņ, ve’ngjiņņ) og -ʲa i dativ (stǫ’kkja, ve’ddja, ve’ngja).

Eit mindre tal sterke hannkjønnsord får -e i ubestemt fleirtal og -iņņ (Sandøy -en) i bestemt fleirtal (gríse, grísiņņ (grísn); veddje, veddjiņņ).

Svake hannkjønnsord[endre | endre wikiteksten]


Hokjønnsord[endre | endre wikiteksten]

Eintal

Fleirtal

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

Ubestemt
Ubunde

Bestemt
Bunde

 

n./a.

dativ

 

n./a.

dativ

sół

só’ła

só’łn

sółe

sółiņņ (só`łn)

sółǫ

sag

sa’gja

sa’gjiņņ

sagje

sagjiņņ

sag(j)ǫ

kjęring

kjęrinja

kjęrinjiņņ

kjęringa

kjęringaņņ

kjęringǫ

veke

vekå

veken

veko (vekú, veke)

veken

vekǫ

Merk at ubestemt fleirtal av svake hokjønnsord har -e i sørvest (Sandøy, mesteparten av Midsund og vestdelen av Vestnes), i Eikesdalen og oppi Romsdalen og -o/-å elles, der å-uttalen er typisk for ytre mål og for nyare dialekt i midtre strøk.


Nøytrumsord[endre | endre wikiteksten]

Verb[endre | endre wikiteksten]

Geografisk variasjon[endre | endre wikiteksten]

Eikesdalen[endre | endre wikiteksten]

Dialekten i Eikesdalen er typisk for romsdalsdialekten på mange vis, men har ein del arkaiske trekk. Såleis er det framleis a-infinitiv med kort eller forlengd vokal i ein del verb med historisk kort rotstaving i eldre dialekt (å vęta, å lęsa, å søva, å fara, å gręva) så vel som i ein del enkeltverb med historisk langstaving der nordmøring òg har a-infinitiv (å æga, å ligja), og infinitivar med historisk -ja har tradisjonelt apokope på trøndsk vis (å sæ, å fęrtę:ł, å lęgg, å spǿr, å smǿr). Apokope på trøndsk vis er det òg i infinitivane å gję:r, å lęt. Merk likevel at verb av kaste-typen allveg får -e i infinitiv: å spęle, å bore.

Apokope er mykje gjennomført i komparativ av adjektiv i eldre dialekt: fínar, ęnklar, stǿr.

Som i nordmøring er velare konsonantar behaldne i dativ eintal og fleirtal av svake hannkjønnsord (hagå, skuggå, bakkå). I eldre dialekt er den ubundne fleirtalsendinga i svake hokjønnsord (mǫnga bøttú, mǫnga vekú) som øvst i sjølve Raumadalen og i delar av Gudbrandsdalen, men i etterkrigsgenerasjonen er denne endinga utskifta med -e (mǫnge bøtte, mǫnge veke).

Der andre romsdalsmål har adjektivendinga -ete (rótete), har eikesdalsdialekten tradisjonelt den trøndske endinga -ott (rótott, kłęppott).

I pronomena følgjer Eikesdalen hovudsakleg romsdaling elles, og det heter í šló mé (som elles i Romsdal og dessutan i Sunndalen og Lesja) og mé šló oss (som elles i Romsdal) heller enn é šló mé (som i Øksendalen) og oss šló oss (som i Lesja og Sunndalen) eller ví šló oss (som i Øksendalen, på Eidsøra og elles på det meste av Nordmøre).

Lenger ut langsmed Eikesdalsvatnet er dialekten meir lik vanleg romsdaling, inkludert ubunde fleirtal vekó med trong o-uttale. Den kløyvde infinitiven blir likevel noko bruka der òg.

Hustad, Fræna og Bud[endre | endre wikiteksten]

Sandøy[endre | endre wikiteksten]

Molde bymål[endre | endre wikiteksten]

Moldedialekt er eit typisk distriktsbymål med visse grunntrekk felles med romsdaling allment, men med ei generell forenkling av systemet. Eitt av desse grunntrekka er e-ending av verb i infinitiv og av svake hokjønnsord, som er nesten heilt gjennomført, med unntak berre av verbet «å gjere» og «å vere», der dei fleste har bortfall av endevokal og seier å gjør' og å vær' .

Mange av trekka i moldedialekten er for øvrig felles med kristiansundsdialekten og med meir eller mindre påverknad frå landsdelssentrumet Trondheim — slik som dęm (felles med Krs. og Trh.) for ‘dei’ (romsdalsk ), dęmmers (felles med Trh.) for ‘deira’ (romsdalsk dæra) og forenklinga av substantivbøyinga til -a/-an i fleirtal av nesten alle hann- og hokjønnsord (felles med nyare dialekt i Trh.).

Dativ manglar heilt.

Det er lite palatalisering av velarar i innlyd, nesten berre i orda ikkje, mykkje og bikkje.

Diftongane ei/øy/au er i hovudsak bevarte, tydelege og ikkje monoftongiserte (éi héil øy mé lęuse stéina (ei heil øy med lause steinar)). Men blant anna desse orda har derimot klar monoftong med ǿ: hǿre, hørsel, kjǿre; drømme, drømm, strømme strømm, glømme, glømsel (evt. glęmme, glęmsel), gjømme, gjømsel (evt. gjęmme, gjęmsel), trøtt (evt. trętt) og lǿk.

Alle hokjønnsord har -a i bunden form eintal, og både hannkjønn og hokjønn har i hovudsak endinga -a i ubunden form fleirtal og -an i bunden form fleirtal: Maŋe sęua, alle sęuan. (Mange sauer, alle sauene).

Alle sterke verb med éi staving i infinitiv får «halvsvak» bøying, som i gjí - gjír - gá(v) - gjitt, lá - lár - lót - latt eller tá - tár - tók - tatt. Sterke verb med fleire stavingar i grunnforma får derimot oftast sterk bøying: kǫmme - kjęmm - kǫmm - har kǫmme, fęre (fare) - fęr (fer) - fór - har fóre, sǫve - sǿv - sǫv - har sǫve, fłýge - fłýg - fłęug - har fłǿge (fłòge).

I Molde seier dei også da der romsdalske bygdemål har .

Vidare er det skilnader i dei personlege pronomena i fleirtal. Der det meste av romsdaling elles har , har moldedialekten . I andre person fleirtal har bygdemåla , dǫkkǫ og dǫkkǫ sin i høvesvis subjekts-, objekts- og eigeform. I Molde seier dei dǫkker, dǫkker og dǫkkers. I tredje person fleirtal heiter det i Molde dęmm, dęmm og dęmmers for bygdemåla sine former (dei), (dei) og dæra (deira).

Å bli blir i Molde bøyd błí - błír - błéi - błitt, mens bygdemåla varierer mellom slik bøying (men med monoftongisering av éi til æ i błæ) og kløyvd bøying (błí - błí - vart - vǫrte).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart nr. 15 i Bandle, Oskar: «Nordisk dialektografi : problem og metoder», i Mot-Skrift 1984, nr. 2.
  2. “Kva du vell mæ navar? I vell bare slē`e.” (Rypdal 1929, s. 48.)
  • Austigard, Liv Dagrun Gjelsvik: Eikesdalen : eit marginalt språksamfunn. Hovudoppgåve, Univ. i Trondheim, 1995.
  • Grøtta, Oddbjørn: Isfjordsdialekten : ordliste samt omriss av grammatikk og fonetisk særpreg. [Sørumsand] : Tempus Media, 2005.
  • Rypdal, Hans: Romsdalsmål (Tresfjorden) : formlæra. (Norske målføre : X.) Oslo (i kommisjon hjå Olaf Norli), 1929.
  • Sandøy, Helge: Romsdalsmålet : skisse til ein grammatikk. Bergen, 1982.