Romsdals Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Romsdals Dampskibsselskab var eit reiarlag med hovudkontor i Molde i Møre og Romsdal. Det vart skipa i 1888 og dreiv med lokalruter i romsdalsfjordane. Reiarlaget var eit aksjeselskap, og første styreformann var Ulrich Møller frå Molde. I 1920 vart Romsdals Dampskibsselskab kjøpt opp av av fylket, og flåten beståande av tre dampskip vart innlemma i det nyoppretta Møre Ruteselskapet i Fylke som seinare skifta namn til Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første skipet til reiarlaget, DS «Rauma» ved kolkaien i Molde omkring 1890.
Foto: Axel Theodor Lindahl

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Romsdals første dampskipsselskap vart danna i 1856 i samarbeid med Sunnmøre, og heitte Det Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab. Dette reiarlaget gjekk konkurs i 1867, og det same skjedde i 1879 med etterfølgjaren Det Nye Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab, stifta i 1869. Sistnemnde reiarlag var i hovudsak eit Sunnmørsselskap, og det nyoppretta Molde Dampskibsselskab (etablert 1868) skaffa seg etterkvart eigne båtar – først DS «Reserven», DS «Beta» (innleitt) og seinare DS «Molde». Turisttrafikken var i vekst, og i 1888 vedtok Molde Dampskibsselskab å selja det gjenverande skipet sitt DS «Molde» og innby til aksjeteikning for å finansiera eit nytt og tidsmessig dampskip.

Reiarlaget vert stifta[endre | endre wikiteksten]

Det vart teikna 551 aksjar, noko som resulterte i ein aksjekapital på 55 100 kroner. Molde Dampskibsselskab skifta namn til Romsdals Dampskibsselskab og det nye selskapet vart konstituert 27. oktober 1888. Styret vart sett opp med fire representantar (inkludert styreformannen) frå Molde, og tre representantar frå omkringliggande landdistrikt.

Skipa[endre | endre wikiteksten]

Det første skipet vart overlevert i 1889 frå Akers mekaniske verkstad i Oslo, og vart døypt DS «Rauma». Kjøpesummen var 56 000 kroner. I 1891 vart DS «Eira» levert frå Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV), men skipet viste seg ueigna og ulønsamt, og vart i 1896 selt. Same år vart eit nytt skip – òg døypt «Eira» levert frå Akers Mekaniske Verkstad for 75 000 kroner. Dette skipet varet ein suksess, og det vart verande i teneste for reiarlaget til det vart oppkjøpt av Møre Ruteselskapet i Fylke i 1920.

På byrjinga av 1900-talet var planlegginga av Raumabanen byrja, og Romsdal Dampskibsselskab trudde på ei rask jarnbaneutbygging. Reiarlaget kontraherte difor eit nytt skip i 1908 – før Raumabanen var endeleg vedteke – for å kunna ta unna den auka trafikken jarnbana venteleg ville føra med seg. Skipet på 282 bruttoregistertonn vart overlevert i 1909 og vart døypt DS «Verma». Utbygginga av Raumabanen vart likevel forseinka, og utbrotet av første verdskrig gjorde at turisttrafikken stoppa opp. DS «Verma» var for stort for den eksisterande trafikken, og vart selt i 1916.

Etter skipinga av Centralmeieriet (Bøndenes Meieri) i Molde, var det stort behov for sikker mjølketilførsel. Reiarlaga fekk bygd eit motorskip døypt MK «Osane» for å brukast i mjølkeruter i omlandet, og dessutan å få dekt kommunikasjonsbehovet til Fræna. Skipet var likevel plaga med stadig motortrøbbel, og ruta vart svært uregelmessig. MK «Osane» vart selt i 1916. Eit meir vellukka kjøp var DS «Nordfjord» (bygd i 1865) som vart skaffa i 1915. Skipet vart sett inn i rute Bergen – Romsdal, ei rute som seinare òg omfatta Langfjorden.

Første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Utbrotet av første verdskrigen i 1914 medførte etterkvart brennstoffrasjonering, noko som førte til innskrenkingar i rutetilbodet. I tillegg var reiarlaget utsett for konkurranse frå Sunnmørs- og Nordmørsreiarlag og dessutan lokale privateigde båtar. Dei fleste reiarlaga hadde problem med å generera overskot, noko som resulterte i at tanken om eit samordna fylkesreiarlag vart lansert. I 1920 vart Møre Ruteselskapet i Fylke oppretta, og dei små reiarlaga – mellom dei Romsdals Dampskibsselskab – vart kjøpt opp. Dei gjenverande tre skipa til reiarlaget vart seld for 360 000 kroner og innlemma i det nye reiarlaget. Dei heldt likevel på namna.

Flåteliste[endre | endre wikiteksten]

Namn Tidsrom Type Tonnasje Anna
DS «Rauma» 1889-1920 Lokalrutebåt 120 brt Overført MFR i 1920
DS «Eira» (1) 1891-1896 Lokalrutebåt 90 brt
DS «Eira» (2) 1896-1920 Lokalrutebåt 132 brt Overført MFR i 1920
DS «Verma» 1909-1916 Lokalrutebåt 282 brt
MK «Osane» 1914-1916 Lokalrutebåt 45 brt Mjølkerute i distriktet
DS «Nordfjord» 1915-1920 Kystruteskip 222 brt Overført MFR i 1920

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nils de Seve – Molde Bys Historie bind II 1838 – 1916. 1. utgåve utgjeve av Molde kommune 1963. ISBN 82-992344-4-1 (2. utgåve)
  • Olav Arild Abrahamsen – Molde Bys Historie bind III 1916 – 1940. Utgjeve av Molde kommune og Dahl Libris 1992. ISBN 82-992344-1-7
  • Leo Oterhals – Folket ved fjorden. Utgjeve 1990, ISBN 8290757050
  • Ragnar Ulstein: Om samferdsel i Møre og Romsdal – Del I: Som skyttel i vev. Utgjeve av Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1995. ISBN 82-90393-76-8