Romsdalsmuseets kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Romsdalsmuseets kapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Molde domprosti
Arkitekt Jon Villa
Material tre
Innvigd 1952
Sitjeplassar 80
Kart
Romsdalsmuseets kapell
62°44′21″N 7°08′49″E / 62.739134°N 7.146886°E / 62.739134; 7.146886
Wikimedia Commons: Romsdalsmuseets kapell

Romsdalsmuseets kapell er ei lita langkyrkje frå 1952 i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er plassert sentralt på Romsdalsmuseets område, og er ein del av friluftsmuseet. Kapellet var vigsla 22. mai 1952 av biskop Arne Fjellbu.[1][2]

Bygget er av tre og har 80 sessar. Kapellet vart teikna av Jon Villa (1919-2014)[3] og bygd av gammalt tømmer frå fleire eldre bygningar. Det er bygd i gammal stil. I første omgang var det meint å vere eit utstillingskapell for museets kyrkjeinventar, men det skulle og kunne brukast til kyrkjelege handlingar, som vigsel og dåp.

Kapellet har vakkert inventar frå 1600-tallet. På altaret stod i flere år to 46 cm høge lysestakar i dreia tre. Dei var opphaveleg frå Hustad kyrkje i Fræna.[4]

Interiørfrå kapellet
Foto: Jac Brun (1963)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Amdam, Per. «Romsdalsmuseet og dets skaper gjennom 50 år.» Romsdalsmuseets Årbok 1961.
  2. Sanden, Jarle. «Romsdalsmuseet – tilbakeblikk på 100 år.» Romsdalsmuseets Årbok 2012.
  3. Austigard, Bjørn. «Jon Villa til minne.» Romsdalsmuseets Årbok 2014. Side 230-231.
  4. Terje Thingvold. «Romsdalsmuseet i 100! – Smakebiter fra museets samlinger gjennom 100 år.» Romsdalsmuseets Årbok 2012.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Amdam, Per. «Romsdalsmuseet og dets skaper gjennom 50 år.» Romsdalsmuseets Årbok 1961. pdf
  • Sanden, Jarle. «Romsdalsmuseet – tilbakeblikk på 100 år.» Romsdalsmuseets Årbok 2012. pdf
  • Terje Thingvold. «Romsdalsmuseet i 100! – Smakebiter fra museets samlinger gjennom 100 år.» Romsdalsmuseets Årbok 2012. pdf