Romsonde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Romsonden)
Teknikarar arbeider på Ulysses-sonden.

Romsondar er umanna fartøy skotne opp og sende vekk ifrå jorda med det mål å returnera vitskaplege data om himmellekamar og/eller verdsrommet generelt. Instrumenta som romsondar nyttar seg av kan vera alt ifrå fjernsensorar som spektrometer og kamera til instrument som krev direkte kontakt med overflateelementa dei skal undersøkja.

Romsondetypar[endre | endre wikiteksten]

Romsondar kan landa på, gå inn i bane rundt, fly forbi og/eller slå ned i himmellekamar. I romalderen sine tidlege år var passeringssondane dei mest vanlege då det å passera ein lekam er enklare enn å gå inn i bane rundt ein sidan ein ikkje treng den ekstra presise navigasjonen for å landa\kollidera med vilje, eller den ekstra drivkrafta for å gjennomføra ein baneinnsetjingsmanøver. Som ein underklasse av landarar finst det såkalla roverar som kan køyra rundt på planetoverflata slik at dei rekk lengre og kan utforska større område og sjølve landingsstaden i større detalj.

Spesielt nemneverdige romsondar[endre | endre wikiteksten]

Luna 1:

Den første suksessfulle romsonden var sovjet-sonden Luna 1 som passerte månen i 1959. Luna 1 nådde jorda sin unnsleppingsfart og passerte nærare enn 5995 km ifrå månen si overflate 83 timer etter at han blei skote opp. Han fortsette so vidare vekk ifrå jorda og enda opp i bane rundt sola, mellom jord- og marsbanen.

Eit av bileta tekne av Huygens-sonden etter landing.

Huygens-sonden:

Huygens-sonden var den første sonden til å landa på månen til ein annan planet enn jorda. Han blei konstruert av Den europeiske romfartsorganisasjonen og landa på saturnmånen Titan den 14. januar 2005. Han returnerte 350 bilete ifrå overflata.

Voyager 1:

Illustrasjon av lokaliteten til voyager-sondane.

Voyager 1-sonden er den lengstvarande NASA-romsondeferda og det fjernaste menneskeskapte objektet. Sonden blei skote opp i 5. september 1977 og er framleis operativ. Sonden besøkte Jupiter og Saturn og var den første sonden som returnerte detaljerte bilete av månane til dei to planetane.

Den 12. august 2006 hadde Voyager 1 ein avstand på 14,96 terameter til sola, omtrent 100 gongar avstanden mellom jorda og sola (AE). På denne avstanden tar det meir enn 13 timar for radiosignala til Voyager 1 å reisa til jorda. Voyager 1-sonden har oppnådd unnsleppingsfarten til solsystemet slik at han kjem til å forlata solsystemet.

I lag med Pioneer 10, Pioneer 11 og systersonden Voyager 2 er Voyager 1 ein interstellar sonde.