Romsonden Kaguya
Kaguya (kalla SELENE før oppskyting) er ein japansk månesonde. Han blei skoten opp ifrå Tanegashima romsenter sør i Japan den 14. september 2007. Sonden består av ein modersonde som går i bane i 100 kilometers høgd og to mindre satellittar som går i polbane (døypte Okina og Ouna etter oppskyting). [1]
Blant instrumenta er det eit HDTV (High-definition Television)-kamera med tre 2,2 megapixel CCDar. Dei første HDTV-bileta som Kaguya returnerte var dei første nokonsinne frå månebane. [2]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Heimesida til prosjektet
- HDTV-biletgalleri på den offsielle heimesida Arkivert 2012-03-05 ved Wayback Machine.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Heimesida til prosjektet
- ↑ Offisiell JAXA-pressemelding, arkivert frå originalen 2012-01-20, henta 19. juli 2008