Romvêr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Romvêrvarsling)
Illustrasjon av korleis magnetosfæren til jorda vert påverka av solutbrot. Variasjonar på sola og i solvinden er dei viktigaste drivkreftene til sola.
Foto: NASA

Romvêr er ei nemning på kortvarige forandringar av forholda i verdsrommet. Vanlegvis vil definisjonen avgrense seg til å omfatte tilhøva i den øvre jordatmosfæren, det vil sei i ionosfæren og magnetosfæren. Det er ingen påviseleg samanheng mellom romvêret og dei meteorologiske tilhøva i atmosfæren.

Rommiljøet til jorda blir i hovudsak skapt og påverka av aktivitet på sola. Forandring av tettleiken og farten til solvinden, elektromagnetisk stråling og det interplanetare magnetfeltet vil gje skiftande tilhøve i det nære verdsrommet. Spesielt dramatiske forandringar får ein under koronautbrot og solare flares der det blir sendt ut enorme skyer av høgenergipartiklar som vil kunne trenge inn i magnetosfæren til jorda. Dette fører blant anna til polarlys, magnetiske stormar, forstyrringar i ionosfæren, auke av høgenergipartiklar i magnetosfæren, sterke elektriske felt og straumar i ionosfæren og magnetosfæren. Ein får òg induserte straumar i jordoverflata (jordstraum) og i elektrisk leiande strukturar på bakken

Slike forandringar kan påverke radiokommunikasjon og navigasjonssystem, dei kan degradere og øydeleggje elektronisk utstyr i rommet, dei kan utgjere ein risikofaktor for mannskapet på bemanna romferder. På bakken kan det føre til at energiforsyningsnettet forstyrrast og i ekstreme tilfelle bryt heilt saman.

Det satsast i dag mykje på å kunne varsle forandringar i romvêret. Dette er viktig for å kunne planleggje drift av system som blir påverka av romvêret, til dømes ved å setje satellittar i ein operasjonsmodus der ein reduserer sannsynet for skadar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]