Ron Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ron Hill

Ron Hill 1975.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. september 1938
Accrington
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar

Ronald Hill, kjend som Ron Hill, (fødd 25. september 1938) er ein britisk tidlegare langdistanseløpar som vart europameister i maratonløping i 1969.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hill vart sjuandemann på 10 000 meter under Sommar-OL 1968. Året etter sette han personleg rekord på distansen med 28.39,0, ei tid ikkje heilt i verdstoppen. Dermed satsa han for fullt i maraton, same hausten 1969 vann han så maratonløpet i heten i Aten og kunne kalle seg europameister. Våren 1970 sette Hill løyperekord med 2.10.30 då han sprang inn til siger i Boston maraton. Den 23. juli same året gjorde han sitt livs kjappaste maratonløp ved Samveldeleikane 1970 i Edinburgh, tida 2.09.28 var mellom dei aller beste oppnådd ved den tid. I august 1971 sikra Hill seg maraton-bronsen i europameisterskapen i Helsinki, før han i 1972 enda på sjetteplassen i maraton under Sommar-OL 1972.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]