Ron Nevison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ron Nevison
Fødd2. mai 1946 (78 år)
FødestadChicago
OpphavUSA
AktivSidan 1970
SjangerRock, pop
Verka somProdusent, lydteknikar

Ron Nevison er ein USA-amerikansk plateprodusent og lydteknikar. Han starta karrieren sin tidleg på 1970-talet som lydteknikar på Quadrophenia av The Who og Bad Company sitt debutalbum. Han vart etter kvart produsent og jobba med artistar som Meat Loaf, The Babys, Led Zeppelin, Ozzy Osbourne, UFO, Michael Schenker Group, Survivor, Jefferson Starship, Thin Lizzy, Kiss, Europe, Chicago, Grand Funk Railroad, Heart og Damn Yankees blant mange andre.[1][2]

Karriereoversikt[endre | endre wikiteksten]

Det første arbeidet til Nevison som lydteknikar var for The Who-albumet Quadrophenia. Deretter var han lydteknikar på dei tre første albuma til Bad Company. Han produserte og var lydteknikar albumet Nightlife av Thin Lizzy. I 1974 var han lydteknikar på Led Zeppelin-albumet Physical Graffiti.

Nevison jobba òg med Ozzy Osbourne på The Ultimate Sin, Shooting StarSilent Scream, Kiss på Crazy Nights og begge Damn Yankees-albuma.

Nevison har vorte anerkjend fire gonger som topp 5 blant årets produsentar av Billboard Magazine og har vorte nominert til fleire Grammyprisar.

Diskografi som produsent (kronologisk, ikkje komplett)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]