Rondane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rondane på sommarstid

Rondane er eit fjellområde i Noreg, aust for Gudbrandsdalen. Området inneheld ti fjelltoppar over 2000 meter og den høgaste er Rondeslottet med ei høgd på 2178 meter over havet. Rondane er eit viktig område for villrein, og i Rondane ligg den eldste norske nasjonalparken.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rondane er eit typisk høgfjellområde med store platå og totalt ti fjelltoppar over 2000 meter. Det høgaste punktet er Rondeslottet på 2178 meter over havet. Det lågaste punktet er like under tregrensa, som er om lag 1000 til 1100 meter over havet. Klimaet er mildt, men relativt tørt. Bortsett frå bjørk i dei lågareliggande områda, er jorda dekt av lyng og lav, sidan jordsmonnet har lita næring. Dei høgaste fjella er nesten heilt berre, over 1500 moh veks berre dei mest hardføre lavartane på det berre fjellet. Mellom fjelltoppane går markerte dalar gjennom landskapet. Den djupaste dalen er fylt av Rondvatnet, ein smal innsjø mellom dei bratte Storronden og Rondeslottet på eine sida og Smiubelgen på andre. Botnar skjer seg òg inn i det sentrale massivet. Rondane får ikkje nok nedbør til at isbrear har oppstått her, men ein kan finne isbreliknande snøfonner i enkelte av dalane.

Sentralt i nasjonalparken ligg Rondvatnet, og frå her kan ein nå alle toppane på over 2000 meter på mindre enn ein dag til fots. I dette sentrale området og vidare nordover er området ganske høgt samanliknande med dei flatare platåa lenger sør. Rondane har ti toppar over 2000 meter, Rondeslottet (2178 m), Storronden (2138 m), Høgronden (2114 m), Midtronden vest (2060 m), Vinjeronden (2044 m), Midtronden aust (2,042 m), Trolltinden (2018 m), Storsmeden (2016 m), Digerronden (2015 m) og Veslesmeden (2015 m).

I mange delar av området er det mange jettegryter som vart danna av restar av isbrear frå istida. I tillegg kan ein finne små åsar kalla eskerar danna av morener frå dei smeltande isbreane.

Fjelltoppane i Rondane sett frå sør. Storronden og Rondeslottet er dei to første til høgre. Til venstre ligg Smiubelgen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorie[endre | endre wikiteksten]

Historia til Rondane byrjar på slutten av sist istid. Store klimaendringar gjorde at reinsdyr spreidde seg over Skandinavia, men vart tvunge tilbake til eit mykje mindre område berre nokre hundreår seinare. Arkeologar har funne at skogane raskt voks høgt opp i fjella. Ein har funne bjørk i over tusen meters høgd som levde for 8500 år sidan.

På fjellplatåa er det spor etter nomadiske jegerar som levde av reinsdyra. Dei nytta store feller i bakken for å fange reinen, og desse kan ein sjå spor etter ved Gravhø og Bløyvangen og elles rundtom i parken. Jegerane lagde store innhegningar av stein som reinen kunne lurast inn i.

Nær desse store fellene har ein funne små bogar av stein som ein meiner jegerane gøymde seg ved, medan dei venta for byttet. Ein meiner at dei tidlegaste fellene kan vere så gamle som 3500 år. Dei fleste funna i området, inkludert restar av busetjingar, er datert til mellom 500 og 700 e.kr.

Nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

250pxSmiubelgen, den vestlege delen av Rondane.

Etter nesten eit tiår med planlegging vart Rondane nasjonalpark oppretta som den første nasjonalparken i Noreg den 21. desember 1962. Han vart først oppretta som eit naturvernområde, men det vart seinare omdøypt nasjonalpark. Hovudårsaka til vernet var å «verne naturen med sine naturlege planter, dyreliv og kulturarv, og å sikre miljøet som eit fritidsområde for framtidige generasjonar».[1]

Dei første forsøka på å verne natur i Noreg skjedde i 1954 då naturvernslova vart vedteke. Kort tid etter, i 1955, vart det første møta om vern av Rondane halde. Norman Heitkøtter var leiar av kommitéen bak arbeidet og Rondane nasjonalpark vart oppretta med ein kongeleg resolusjon. Då han vart oppretta dekte parken eit område på 580 km².

Sjølv om Rondane var den første nasjonalparken i Noreg kom det mange andre i etterkant.

Utvidinga i 2003[endre | endre wikiteksten]

For å ytterlegare verne villreinen i området vart nasjonalparken utvida i 2003 til 963 km². Parken vart hovudsakleg strekt ut mot nordvest og ligg mot aust og sør. I tillegg vart områda med mindre vern (landskapsvern og naturvern) oppretta i samband med parken. Ein ny nasjonalpark, Dovre nasjonalpark, mellom Rondane og Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark vart òg oppretta. Etter utvida er det no berre om lag 1 km frå den nordlege grensa av Rondane til den sørlege grensa av Dovre nasjonalpark, og store delar av dei omliggande fjellområda er verna av dei tre parkane.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologi i Rondane; berget viser teikn på sedimentering..

Grunnfjellet i Rondane kjem frå ei grunn havbotn frå 500 til 600 millionar år sidan. Av dette skapte endringar i jordskorpa eit fjellområde med metamorf bergart og kvarts. Det er ikkje funne fossil i Rondane, så ein trur at havet der grunnfjellet kom frå ikkje inneheldt liv.

Det noverande landskapet vart stort sett forma under den siste istida, ni til ti tusen år sidan. På denne tida dekte store isbrear området og ein meiner at isen smelta gradvis i syklusar der isen smelta og fraus til igjen. Issmeltinga må ha skjedd raskt då det først skjedde og grov ut store elvedalar.

Rondane inneheld eit par små kløfter som vart laga under rask issmelting, mellom anna Jutulhogget og Vesle-Ula.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Rondane er ein av dei få stadane i Skandinavia og Europa der ein finn villrein. Direktoratet for Naturforvaltning ser på Rondane som «eit særleg viktig område for villrein».[2] Det er estimert at mellom 2000 og 4000 reinsdyr held til i Rondane og det nærliggande Dovre-området. For å verne reinen i kjerneområdet sitt har fleire turistar vorte fjerna dei siste ti åra. Parken vart òg gjort større i 2003 for å auke verneområdet for reinsdyra.

Anna vilt er mellom anna rådyr og elg, som held til i utkanten av parken. Stundom kan ein òg sjå moskus, som stort sett held til på Dovre. Jerv og enkelte bjørnar held òg til her, medan ulv er meir sjeldan.

Reinsdyra beitar stort sett på lav og mose som veks i lag med lyng og hardfør gras på ganske så tørt og næringsfattig steinplatå. Lav fungerer både som fôr til reinen, men gjødslar òg gjorda slik at mindre hardføre planter kan vekse, som igjen gjev mat til mus og lemen. Ein av blomane som veks godt her er isranunkel, som er funne opp til 1700 meters høgd.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Raude T-merke viser vegen langs oppmerkte stiar.

Turgåarar i Rondane kan gå og slå leir i alle område av parken, bortsett frå like nær turhyttene. Bortsett frå forbod mot motorisert trafikk er det ikkje mange særskilde forbod som gjeld. Fiske og jakt er lov om ein har løyve.

Den norske turistforeninga (DNT) eig og styrer mange turhytter i området. Ei sentral hytte ligg i sørenden av Rondvatnet kalla Rondvassbu. Det er òg hytter ved Dørålseter og Bjørnhollia heilt nord og aust i parken. Desse tre hyttene er bemanna, med matservering og høve for overnatting. Det er òg sjølvbetente hytter i Rondane, som Eldåbu.

Dei bemanna hyttene er òg open om vinteren, men dei er stundom berre delvis i drift utanom turistsesongane. Stundom er det preparerte skiløyper om vinteren.

Rondane i litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Rondane har inspirert mange norske forfattarar. Kanskje mest kjend er Peer Gynt (1867) av Henrik Ibsen, som delvis føregår i Rondane.

Peter Christen Asbjørnsen, som samla norske eventyr på 1800-talet og mange av desse omhandla Rondane. Diktaren Aasmund Olavsson Vinje skreiv diktet No ser eg atter slike Fjell og Dalar om Rondane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Rondane

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Rondane nasjonalpark, arkivert frå originalen 26. september 2004, henta 21. april 2008 
  2. Direktoratet for Naturforvaltning om Rondane[daud lenkje]