Ronela Hajati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ronela Hajati

Fødd2. september 1989 (34 år)
FødestadTirana
OpphavAlbania
Aktiv2006–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Ronela Hajati (fødd 2. september 1989), profesjonelt ofte berre kalla Ronela, er ein albansk songar, låtskrivar og dansar. Ho er fødd og oppvaksen i hovudstaden Tirana og opptredde i ulike song- og dansetevlingar som barn, før ho etter kvart etablerte seg ein musikkarriere. Hajati har markert seg som ein versatil artist, både i musikkstil, sjanger og tolking. Ho vann den 60. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2021, og fekk dimed representere Albania i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

1989–2016: Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Ronela Hajati vart fødd 2. september 1989 i Tirana i Albania.[1][2] Mora kom opphavleg frå Korçë, mens faren Marash Hajati er frå Shkodër.[3][4] Allereie som barn viste ho interesse for musikk, og på barneskulen tok ho timar i ballett og piano.[5] Ho deltok også i ei rekkje lokale og nasjonale song- og dansetevlingar.[2][6] I den tidlege karrieren sin fortsette Hajati å delta i ulike musikkshow og talenttevlingar, blant anna Top Fest og Kënga Magjike.[2] Ho fekk stor merksemd i det albansktalande Balkan med singelen «Mala Gata» i mai 2013.[7]

Seinare same år deltok Hajati i den 15. utgåva av Kënga Magjike med songen «Mos ma lsho», som ho vann Internett-prisen med i finalen.[8] I desember 2015 gav Hajati ut oppfølgjarsingelen «A do si kjo», som nådde ein 13. plass på den albanske singellisten.[9][10] Ho nådde lista neste gong med singelen «Marre» i juni 2016. Også denne nådde ein 13. plass på singellista.[11]

2017–no: RRON og profesjonell karriere[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 2017 og 2018 gav Hajati ut ei rekke singlar, blant anna «Mos ik», «Sonte», «Maje men» og «Do ta luj». Fleire av låtane oppnådde kommersiell suksess og nådde topp 30 på den albanske singellisten.[12][13][14][15] I desember 2018 deltok Hajati for andre gong i Kënga Magjike, med songen «Vuj». Ho enda til slutt på ein fjerdeplass.[16] I mars 2019 slapp ho singelen «Pa dashni» og nådde ein sjetteplass på hitlista i Albania.[17][18] Listesuksessen fortsette i juni same år med singelen «Çohu», i samarbeid med den albanske rapparen Don Phenom. Singelen debuterte på en sjuandeplass på topp 100-lista i Albania.[19][20] Oppfølgjarsingelen «Lage» nådde ein sjetteplass på singellisten, og i september 2019 gjekk Hajati for fyrste gang til topps på den albanske singellisten med låten «MVP».[21][22] I juli 2020 fekk den albanske fotballklubben KF Tirana Hajati til å produsere og framføre klubblåten «Bardh' e blu» i samband med hundreårsjubiléet til fotballklubben.[23][24]

I mars 2021 kunngjorde Hajati at ho skulle gje ut debutalbumet RRON i løpet av 2022.[25] Hovudsporet på albumet, «Prologue», debuterte same månad på 19. plass på den albanske topp 100-listen og klatra seinare til andreplass ein månad etter.[26][27] Andresingelen på albumet, «Shumë i mirë», som nådde ein 15. plass seint i 2021, vart nominert til ein pris under Netët e Klipit Shqiptar 2021-galaen i Ulcinj i Montenegro.[28] Sidan byrja fleire av singlane på albumet å gj3re det bra på den albanske singellisten utover i 2021.

I november 2021 kunngjorde den albanske kringkastaren Radio Televizioni Shqiptar (RTSH) at Hajati var blant dei 20 deltakarane i den albanske songtevlinga Festivali i Këngës. Der skulle ho delta med songen «Sekret».[29] Hajati vann finalen i desember 2021, og fekk dimed representere Albania i Eurovision Song Contest i Torino i mai 2022.[30][31] I Eurovision Song Contest var ho fyrste deltakar ut på scena i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2022. Der enda ho på ein 12. plass av 17. deltakarar, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[32]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Hajati har gjort seg merka for sitt mangfelde innan musikksjanger, stil og tolking. Ho vert fyrst og fremst sett på som ein popartist, men har også forsøkt seg innen sjangrar som R&B og reggae.[33][34][35]

Hajati har sjølv trekt fram Michael Jackson som eit idol og ein av hennar største musikalske påverknadar.[36] Hajati er også fan av den puertoricanske musikaren Ricky Martin og var til stades på konserten hans i New York i oktober 2021.[37][38]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Hajati vert sett på som ein diskret person som vernar om privatlivet sitt. I 2015 vart ho kjærast med den albanske musikaren Young Zerka, og saman gav dei ut fleire singlar og musikkvideoar før paret skilde lag i 2018.[39][40]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • RRON (planlagt 2022)

Singler[endre | endre wikiteksten]

  • 2006 – «Requiem» (med Orgesa Zajmi)
  • 2007 – «Me ty nuk shkoj»
  • 2009 – «Shume Nice»
  • 2009 – «Kam frikë te të dua»
  • 2010 – «Harroje»
  • 2011 – «Neles» (med Visari Skillz)
  • 2012 – «Nuk ka më kthim»
  • 2013 – «Mala Gata»
  • 2013 – «Mos ma lsho»
  • 2014 – «Veç na» (med Agon Amiga)
  • 2015 – «A do si kjo»
  • 2016 – «Amini»
  • 2016 – «Marre»
  • 2016 – «Syni i jemi» (med Young Zerka)
  • 2017 – «Mos ik»
  • 2017 – «Ladies»
  • 2017 – «Sonte» (med Lyrical Son)
  • 2017 – «Diamanta» (med Young Zerka)
  • 2018 – «Maje men»
  • 2018 – «Do ta luj»
  • 2018 – «Vuj»
  • 2019 – «Pa dashni»
  • 2019 – «Çohu» (med Don Phenom)
  • 2019 – «Lage»
  • 2019 – «MVP»
  • 2020 – «Genjeshtar je X Pare»
  • 2020 – «Bardh e blu»
  • 2021 – «Prologue»
  • 2021 – «Shumë i mirë»
  • 2021 – «Aventura»
  • 2021 – «Alo» (med Vig Poppa)
  • 2021 – «Leje» (med Klement)
  • 2021 – «Sekret»
  • 2022 – «Gips» (med MatoLale)
  • 2022 – «Caramel»
  • 2022 – «Valle»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ronela Hajati». www.teksteshqip.com. Henta 8. januar 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Ronela Hajati | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 19. desember 2020. Henta 8. januar 2022. 
  3. «A e dini prej nga e ka origjinën Ronela Hajati?» (på albansk). Privé. 24. desember 2018. Henta 14. september 2021. 
  4. «Ronela Hajati i emocionon të gjithë, bën gjestin më të bukur për babanë e ndjerë (FOTO)». Shekulli (på albansk). 15. januar 2020. Arkivert frå originalen 21. november 2021. Henta 21. november 2021. 
  5. «10 gjëra që mbase nuk i dinit për Ronela Hajatin». www.anabelmagazine.com. 14. august 2018. Arkivert frå originalen 21. november 2021. Henta 8. januar 2022. 
  6. «Ronela Hajati bëhet nostalgjike, ja fotot nga fëmijëria». Bota Sot (på engelsk). Henta 8. januar 2022. 
  7. «Ronela publikon këngën e re». Telegrafi (på albansk). 17. mai 2013. Henta 8. januar 2022. 
  8. «Besa fituese e Kënga Magjike 2013». Ljame. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 21. mars 2021. 
  9. «Ronela publikon "A do si kjo" (Video)». Klan Kosova (på al). Arkivert frå originalen 24. desember 2015. Henta 8. januar 2022. 
  10. «Ronela Hajati, ja kur e publikon këngën e re | Top Albania Radio | It’s time». www.topalbaniaradio.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 1. mars 2021. Henta 8. januar 2022. 
  11. «Ronela Hajati publikon 'Marre-n' (Video)». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 24. juni 2016. Henta 8. januar 2022. 
  12. «Zbuloni se kujt i thotë Ronela Hajati “Mos Ik” | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. mars 2021. Henta 8. januar 2022. 
  13. «Ronela Hajati: Do doja të fitoja dy çmime në natën e madhe të “Top Music Awards” | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 8. februar 2021. Henta 8. januar 2022. 
  14. «Ronela Hajati rikthehet në “The Top List” me “Maje Men”, si këngë e sugjeruar nga publiku, pas shumë javësh mungesë | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 1. mars 2021. Henta 8. januar 2022. 
  15. «Ronela Hajati: “Do ta luj”, një këngë që ta kërcejnë dhe ata që më kanë inat | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 1. mars 2021. Henta 8. januar 2022. 
  16. «Ronela: Mora gjithçka që kam dashur në "Kënga Magjike", dashurinë tuaj». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 9. desember 2018. Henta 8. januar 2022. 
  17. «Ronela Hajati po vjen "pa dashni"». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 19. mars 2019. Henta 8. januar 2022. 
  18. «Ronela Hajati publikon këngën e re "Pa dashni"». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 28. mars 2019. Henta 8. januar 2022. 
  19. «Ronela Hajata dhe Don Phenom publikojnë “Çohu”». KOHA.net (på albansk). Arkivert frå originalen 1. juni 2019. Henta 8. januar 2022. 
  20. «Dy këngë nga Ronela dhe Don Phenom këtë javë, po vetëm njëra gjen vend në “The Top List” | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. november 2021. Henta 8. januar 2022. 
  21. «Ronela Hajati publikon këngën e re "MVP"». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 21. september 2019. Henta 8. januar 2022. 
  22. «Ronela është “Most Valuable Player” e javës! | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. februar 2020. Henta 8. januar 2022. 
  23. «Ronela Hajati vjen ndryshe, publikon këngën dedikuar ekipit të Tiranës». Abc News (på albansk). Arkivert frå originalen 29. juli 2020. Henta 8. januar 2022. 
  24. «Publikohet "Bardh' e blu", kënga mbështetëse për KF Tiranën nga Ronela Hajati dhe DJ Sardi». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 28. juli 2020. Henta 8. januar 2022. 
  25. «Ronela Hajati së shpejti lanson albumin “Rron”, pas 20 vitesh karrierë». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 1. mars 2021. Henta 8. januar 2022. 
  26. «Ronela Hajati publikon këngën e parë "Prologue" nga albumi "Rron", vjen me paraqitje unike në klip». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 15. mars 2021. Henta 8. januar 2022. 
  27. «Ronela gati për albumin, por kënga e parë pak si e çuditshme | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2021. Henta 8. januar 2022. 
  28. «Netet e Klipit Shqiptar». Netet e Klipit Shqiptar (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. desember 2021. Henta 8. januar 2022. 
  29. «Albania: Festivali i Këngës 60 artists include MIRUD, Alban Ramosaj and Ronela Hajati». wiwibloggs (på engelsk). 9. november 2021. Henta 8. januar 2022. 
  30. «The 'Sekret' is out: Ronela Hajati will represent Albania 🇦🇱». European Broadcasting Union (EBU). 29. desember 2021. Arkivert frå originalen 29. desember 2021. Henta 29. desember 2021. 
  31. «Ronela Hajati fiton vendin e parë në Festivalin e Këngës» (på albansk). Radio Televizioni Shqiptar (RTSH). 29. desember 2021. Arkivert frå originalen 29 December 2021. Henta 29 December 2021. 
  32. «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 29. mars 2022. 
  33. «Ronela Hajati publikon këngën e re "Lage"». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 21. juni 2019. Henta 8. januar 2022. 
  34. «Verës së nxehtë vetëm Ronela i bën derman, ju lag të gjithëve | Top Awards | Top Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. oktober 2021. Henta 8. januar 2022. 
  35. «Ronela Hajati publikon këngën e re "Do ta luj"». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 14. juni 2018. Henta 8. januar 2022. 
  36. «Ronela Hajati sapo na prezantoi idhullin e saj». Kosovarja-ks. Arkivert frå originalen 3. november 2018. Henta 22. februar 2020. 
  37. «I takon dhe asaj! Ronela Hajati na tregon pak nga pushimet e saj në New York | Top Albania Radio | It’s time». www.topalbaniaradio.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 9. november 2021. Henta 8. januar 2022. 
  38. «Ronela Hajati vjen elegante dhe plot stil nga New York-u». Telegrafi (på albansk). Arkivert frå originalen 18. oktober 2021. Henta 8. januar 2022. 
  39. «Ronela Hajati dhe Young Zerka i japin fund lidhjes 3-vjeçare, mosmarrëveshjet që i çuan drejt ndarjes» (på albansk). Arkivert frå originalen 26. oktober 2021. Henta 8. januar 2022. 
  40. «“E dua burrin shqiptar, dua të dashuroj por…”- Ronela Hajati zbulon me kë jeton dhe sherrin ku “bëri të vdekur një djalë”: Qeshte e tallej, sytë më bënin xixa» (på albansk). Arkivert frå originalen 20. desember 2021. Henta 8. januar 2022.