Ronja Røverdatter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ronja Røverdatter (svensk Ronja Rövardotter) er ei barnebok skriven av Astrid Lindgren som kom ut i 1981. Hovudpersonen i boka er Ronja, ei jente som er dotter av ein røvarhøvding. Boka fortel om henne frå fødselen av, men størsteparten av handlinga finn stad når ho er i tiårsalderen. Forteljinga er også blitt festa til film som kom ut i 1984 med Tage Danielsson som regissør.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Ronja Røverdatter handlar om barndommen til Ronja, ei jente som veks opp i ei borg i ein aude skog som dotter av røvarhøvdingen Mattis. Mora er den sterke Lovis, som held styr på røvarflokken. Elles er gamle Skalle-Per ein viktig person i oppveksten hennar.

Røvarane ligg i strid med ein annan bande, leidd av Borka. Desse flytter etterkvart inn i eine halvdelen av røvarborga, som er blitt skild frå den andre av eit lynnedslag same natta Ronja vart fødd. Ronja blir etter kvart ven med den jamgamle sonen til Borka, Birk.

Ronja tek tidleg til å uforska skogen rundt borga. Ronja klarar fort å tilpasse seg naturen, med det yrande dyrelivet og ei verd full av underjordiske skapningar, særleg dei trugande villvettene.

Styresmaktene, gjennom «knektane», truger livsgrunnlaget til røvarane. Det største trugsmålet er likevel kløfta mellom dei to gruppene. Ronja og Birk prøver hardt å forsona dei, Ronja ved å gje seg sjølv som gissel til Borka etter at Birk er blitt fanga av mattisrøvarane og ved å bryta dei sterke banda til far sin. Etter ein sommar der ho og Birk bur saman i ei grotte vekke frå borga, går fedrane deira med på å sameina bandane. Saman klarer dei driva knektane ut av skogen.

Ronja og Birk er likevel ikkje heilt nøgde. Når dei blir vaksne vil dei ikkje leva av overfall. I staden set dei sin lit til ein sølvskatt Skalle-Per har fortald Ronja om.

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

Hagaparken slottsruin, der noko av filminnspelinga fann stad.

Lindgren tok til å skriva boka i 1979, og allereie før ho var ferdig hadde ho teke til å samtale om ei filmatisering med Olle Hellbom, som hadde regissert mange av bøkene hennar. Våren 1982 hadde Hellbom ordna med finansiering, medarbeidarar og ein passande innspelingsstad, men døydde i juni 1982.

Tage Danielsson tok over, og innspelinga starta hausten 1983. Utandørsscenane blei spelte inn på Sörknatten i Dalsland, Blåsjön i Jämtland og ved Haga slottsruin i Solna. Innandørsscenane blei spelte inn i studio i Oslo og Stockholm og i Tykarpsgrotta. I juni 1984 var innspelinga ferdig og filmen hadde premiere jula 1984.[1]

Namnet Ronja[endre | endre wikiteksten]

Kvinnenamnet Ronja er blitt brukt i Noreg sidan 1980-talet, truleg på grunn av forteljinga om Ronja Røverdatter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Karlsson Erséus, s. 172-195
  • Karlsson, Petter; Erséus, Johan, Från Snickerboa till Villa Villekulla - Astrid Lindgrens filmvärld, ISBN 91-37-12365-3  (Svensk Wikipedia)