Ronnie Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ronnie Allen
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. januar 1929
Fenton
Død

9. juni 2001 (72 år)
Great Wyrley

Idrett fotball

Ronald Allen, kjend som Ronnie Allen, (15. januar 19299. juni 2001) var ein engelsk fotballspelar og trenar frå Stoke-on-Trent. Han var senterløpar på West Bromwich-laget som i 1954 vann den engelske FA-cupfinalen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Allen var profesjonell fotballspelar i tida 1946-64. Han spelte 638 kampar i den engelske ligaen, Football League, og skåra 276 mål. Han var fyrst aktiv i Port Vale til 1950. Deretter vart han overført til fyrstedivisjonsklubben West Bromwich Albion. Gjennom 1950-åra var han ein av dei beste angrepsspelarane i engelsk fotball. Våren 1954 skåra han to av måla då West Bromwich sigra i finalen i FA-cupen, og til andreplass i ligaen. I 1961 skreiv Allen kontrakt med Crystal Palace FC. Han avslutta som aktiv med å sikre London-klubben opprykk frå 3. divisjon.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Allen spelte 5 landskampar for England; ein i mai 1952 og fire i 1954. Han skåra 2 landslagmål.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Allen leia Wolverhampton Wanderers til opprykk frå 2. divisjon i 1967. Tre år seinare var han sjef for spanske Athletic Bilbao, eit lag som kom på andreplassen i La Liga. Perioden 1972-82 var han som sjefstrenar innom Sporting Lisboa, Walsall, Panathinaikos og West Bromwich, utan suksess nokon av stadene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]