Ronnie Ross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ronnie Ross
Fødd2. oktober 1933(1933-10-02)
FødestadCalcutta i India
Død12. desember 1991 (58 år)
DødsstadLondon
FødenamnAlbert Ronald Ross
OpphavStorbritannia
Aktiv1950-1991
SjangerJazz
InstrumentBarytonsaksofon
Verka somMusikar

Albert Ronald Ross (2. oktober 193312. desember 1991) var ein britisk jazz-saksofonist.

Han var fødd i Kolkata i India av skotske foreldre og flytta til England i 1946. Han byrja å spele tenorsaksofon i 1950-åra med Tony Kinsey, Ted Heath og Don Rendell. Medan han spelte med Rendell byta han til barytonsaksofon. Han spelte på Newport Jazz Festival i 1958 og skipa ei gruppe kalla The Jazz Makers med trommeslagaren Allan Ganley same året. Han turnerte i USA i 1959 og Europa seinare det året med Modern Jazz Quartet. Frå 1961 til 1965 spelte han med Bill Le Sage, og seinare med Woody Herman, John Dankworth, Friedrich Gulda og Clark Terry.

Ross var saksofonlærar for ein ung David Bowie, spelte barytonsaksofon på The Beatles-songen «Savoy Truffle» frå White Album og fleire år seinare spelte han saksofonsoloen på Lou Reed-songen «Walk on the Wild Side», som var samprodusert av Bowie. Han var òg gjesteartist på fleire album av Matt Bianco.

Ross døydde av kreft i London, 58 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar eller med-leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Double Event (seinare gjeven ut som Stompin' With The Ronnie Ross Quintet - 1958) - Ronnie Ross (alt- og barytonsaksofon), Bert Courtley (trompet, mellofon), Eddie Harvey (piano, trombone), Pete Blanin (bass), Andy White (trommer).
  • The Swingin' Sounds Of The Jazz Makers (1959) - Ronnie Ross (alt- og barytonsaksofon), Allan Ganley (trommer), Art Ellefson (tenorsaksfon), Stan Jones (piano), Stan Wasser (bass).
  • Presenting The Bill Le Sage - Ronnie Ross Quartet (April 1963) - Bill Le Sage (piano, vibrafon), Ronnie Ross (barytonsaksofon), Spike Heatley (bass), Allan Ganley (trommer).
  • Cleopatra's Needle (1968) - Ronnie Ross (barytonsaksofon), Spike Heatley (bass), Art Ellefson (tenorsaksfon), Les Condon (trompet), Bill Le Sage (vibrafon og piano), Tony Carr (trommer).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]