Ron Tutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ronnie Tutt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ron Tutt
ESML TCB Band Ron Tutt Dennis Jale.jpg
Fødd12. mars 1938
FødestadDallas
Død16. oktober 2021 (83 år)
DødsstadFranklin
FødenamnRonald Ellis Tutt
OpphavUSA
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar

Ron Tutt (12. mars 193816. oktober 2021) var ein amerikansk trommeslagar som spelte med mange artistar, som Elvis Presley og The Carpenters.[1]

Tutt var fødd i Dallas, og dreiv med musikk og dans frå han var tre år gammal. Han spelte opphavleg fiolin, trompet og ukulele. Først i sisteåret på high school byrja han å spela det som skulle bli hovudinstrumentet hans, trommer.[1]

Ron Tutt prøvespelte for TCB Band («Taking Care of Business»), som var bandet til Elvis Presley. Presley likte det han høyrte og Tutt vart permanent medlem av bandet. Tutt spelte med Presley fram til Elvis døydde i 1977.

Etter at TCB Band vart oppløyst då Elvis Presley døydde, byrja Tutt å spele trommer for Neil Diamond. Han spelte seinare med Glen Campbell, Johnny Cash, Kenny Rogers, Los Lobos, Elvis Costello. Jerry Garcia, Billy Joel, Stevie Nicks og Michael McDonald.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Drummerworld: Ron Tutt». Henta 28. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ron Tutt