Ronnie Van Zant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ronnie Van Zant
Ronnie Van Zant (1975).jpg
Fødd15. januar 1948(1948-01-15)
FødestadJacksonville i Florida i USA
Død20. oktober 1977 (29 år)
DødsstadGillsburg i Mississippi i USA
FødenamnRonald Wayne Van Zant
OpphavUSA
Aktiv1964–1977
SjangerSouthern rock, bluesrock[1]
InstrumentVokal, gitar, piano, trommer
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarLynyrd Skynyrd
PlateselskapUniversal Music Group, Atlantic Records, Capricorn Records, SPV, CMC International, Sanctuary Records
Verka somMusikar, låtskrivar,
MorMarion Virginia Van Zant
FarLacy Austin

Ronald Wayne Van Zant (15. januar 194820. oktober 1977) var ein USA-amerikansk solovokalist, tekstforfattar og opphavleg medlem av southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd. Han var den eldre broren til to andre rockevokalistar, den noverande Lynyrd Skynyrd-vokalisten Johnny Van Zant, og Donnie Van Zant, som skipa og var vokalist i 38 Special. Han var far til Tammy Van Zant og Melody Van Zant.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd og voks opp i Jacksonville i Florida. Van Zant var stor fan av boksaren Muhammad Ali og vurderte ein karriere i ringen, og spelte American Legion baseball med ein draum om suksess i Minor League.[3]

Lynyrd Skynyrd[endre | endre wikiteksten]

Van Zant skipa eit band kalla My Backyard[3] seint på sommaren 1964 med vener og skulekameratane Allen Collins (gitar), Gary Rossington (gitar), Larry Junstrom (bass) og Bob Burns (trommer). Desse fire gjekk under fleire forskjellige namn før dei slo seg til ro med Lynyrd Skynyrd.

Banet slo igjennom i 1973 med debutalbumet (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd), med ei rekkje hittar som «I Ain't the One», «Tuesday's Gone», «Gimme Three Steps», «Simple Man», og det som vart signaturlåten deira, «Free Bird», seinare dediert til den avdøde Duane Allman frå The Allman Brothers Band.

Den største hitsingelen til Lynyrd Skynyrd var «Sweet Home Alabama» frå oppfølgjaren Second Helping, eit svar til Neil Young-songane «Alabama» og «Southern Man.» Young-songen «Powderfinger» på albumet Rust Never Sleeps få 1979 vart visstnok skriven for Skynyrd, og Van Zant er avbilda på omslaget til Street Survivors med ei T-skjorte med Young-albumet Tonight's the Night[4] og 2. juli 1977 på konserten på Oakland Coliseum (som vert vist klipp av i filmen Freebird... The Movie).[5]

Den 20. oktober 1977 gjekk flyet som flydde bandet mellom konsertane deira i Greenville i Sør-Carolina og Baton Rouge i Louisiana tom for drivstoff utafor Gillsburg i Mississippi. Passasjerane fekk melding om problema og vart fortalt å førebu seg for ein styrt.[6] Van Zant døydde av hovudskadar etter at flyet råka eit tre. Bandkollegaene Steve Gaines og Cassie Gaines, og den assisterande turnémanageren Dean Kilpatrick, piloten Walter McCreary og medpiloten William Gray, mista òg livet. Resten av bandet vart alvorleg skadde men overlevde.[7] Van Zant vart 29 år gammal.

Den yngre broren til Van Zant, Johnny, tok over som ny vokalist i bandet då bandet starta opp att i 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charlotte Dillon. «Ronnie Van Zant | Biography & History». AllMusic. Henta 26. mai 2016. 
  2. Charlotte Dillon. «Ronnie Van Zant | Biography & History». AllMusic. Henta 26. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 Wailer Website Services. «The Official Lynyrd Skynyrd History Website – History Lessons». Lynyrdskynyrdhistory.com. Henta 14. september 2018. 
  4. «Lynyrd Skynyrd and Neil Young: Friends or Foes? An Analysis of Sweet Home Alabama and Southern Man». Thrasher's Wheat. Henta 2. juni 2012. 
  5. Lynyrd Skynyrd - Freebird - 7/2/1977 - Oakland Coliseum StadiumYouTube
  6. US National Transportation Safety Board 1978, p6.
  7. Check-Six 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]