Ronny Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ronny Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1971 (52 år)
Bergen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004

Ronny Nilsen (fødd 7. mai 1971) er ein norsk politimann, idrettsleiar og tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen. Han var norsk meister i spjutkasting i 2000 og 2007. Nilsen var medlem i IL Norna-Salhus. Frå 2008 til –16 var han sportssjef i Norges Friidrettsforbund.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nilsen var ein av noregs beste spjutkastarar i ein tiårsperiode. Så å seie alle desse åra stod han i skuggen av fyrst Pål Arne Fagernes og etter 2000 av Andreas Thorkildsen. 28. juni 1997 forbetra Nilsen sitt personbeste med over fire meter til 78,00 m. Det skulle gå nære på fem år før han forbetra seg til 79,33 m ved eit stemne i Florø. Året etter, den 22. mai 2004 i Tønsberg, presterte sitt livs beste kast. Spjutet landa på 84,73 meter. Dette vart einaste gongen han kasta over 80 meter.

Nilsen deltok i Sommar-OL 2004, VM i friidrett 2005 og EM i friidrett 2006, utan nokon gong å vere i nærleiken til å kvalifisere seg til finale.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1996 i Kristiansand: Sølv – 73,90 m, bakom Pål Arne Fagernes (77,04 m)
  • 1997 i Overhalla: Sølv – 72,20 m, bakom Arne Indrebø (73,24 m)
  • 1999Byrkjelo: Bronsemedalje – 71,12 m
  • 2000Steinkjer: Gullmedalje – 75,39 m, framom Andreas Thorkildsen (72,72 m)
  • 2002 i Sandnes: Bronsemedalje – 73,31 m
  • 2003 i Fredrikstad: Sølv – 74,71 m, bakom Andreas Thorkildsen (76,04 m)
  • 2004 i Florø: Sølv – 73,57 m, bakom Andreas Thorkildsen (81,38 m)
  • 2006 i Oslo: Sølv – 76,00 m, bakom Andreas Thorkildsen (85,02 m)
  • 2007 i Askim: Gullmedalje – 73,01 m, framom Teemu Pasanen (71,60 m)

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007
Lengde 70,48 69,24 73,90 78,00 77,44 73,46 77,68 75,03 75,98 79,33 84,73 78,93 77,52 73,01

Kjelder[endre | endre wikiteksten]