Rooibos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rooibos
Rooibos
Rooibos
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Crotalarieae
Slekt: Aspalathus
Art: Rooibos A. linearis
Vitskapleg namn
Aspalathus linearis

Rooibos er ein plante i erteblomefamilien som veks i Sør-Afrika. Namnet er afrikaans for 'raudbusk' og siktar til fargen når ein tørkar han og trekk han ut i varmt vatn. Uttrekket er blitt brukt som teerstattting i lange tider, og teen har etterkvart oppnådd utbreiing i fleire land, inklusive Sør-Amerika, der han mellom anna blir behandla tilsvarande espressokaffi og seld som «raud espresso». I Noreg får ein han som posete, og i boks/pakke.

Rooibos kan leverast i ein grøn eller fermentert variant. Begge variantar inneheld antioksidantar, men studiar indikerer at grøn rooibos er rikare på antioksidantar ettersom antioksidantane blir oksiderte under fermenteringsprosessen.[1]

Namnet rooibos kan bli beskytta tilsvarande varemerke som cognac, champagne m.fl. og ikkje kunne brukast av produsentar utanfor det opphavlege distriktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marnewick, J. L.; Gelderblom, W. C.; Joubert, E. (20. november 2000). «An investigation on the antimutagenic properties of South African herbal teas». s. 157–166. PMID 11080671. Henta 6. juni 2016.