Roots to Branches

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roots to Branches
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 4. september 1995 (Storbritannia)
12. september 1995 (USA)
Innspelt Desemberr 1994 til juni 1995
Sjanger
Lengd 60:00
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson
Jethro Tull-kronologi
Nightcap
(1993)
Roots to Branches In Concert
(1995)


Singlar frå Roots to Branches
  1. «Rare and Precious Chain»
    Utgjeve: 1995
  2. «Beside Myself»
    Utgjeve: 1995

Roots to Branches er det 19. studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i september 1995. Musikken er prega av den klassiske kunst- og folkrocken til Jethro Tull frå 1970-åra i lag med påverknader frå jazz og arabisk musikk. Alle songane vart skrivne av Ian Anderson og spelt inn heimestudioet hans. Dette er det siste Tull-albumet med Dave Pegg på bass og det første med klaverspelar Andrew Giddings som offisielt bandmedlem, sjølv om han òg hadde medverka på Catfish Rising som studiomusikar. Det var òg det siste albumet til Tull som kom ut på det langvarige plateselskapet deira, Chrysalis Records.

I januar 2007 kom albumet i ommastra utgåve, utan bonusspor.

Produksjon og musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Albumet var inspirert av ei reise Ian Anderson gjorde til India.[1]

Anderson sa om albumet: «Eg ser Roots to Branches som 90-talsutgåva av Stand Up, fordi det har mykje av dei same tinga som eg føler representerer nøkkelelementa i Jethro Tull: det er mykje fløyte, mange gitarriff og ein ganske stor palett av inspirasjonskjelder, frå blues og klassisk til austlege motiv, slik det òg var på Stand Up. Det einaste eg angrar på er at eg let det høyrast litt for 70-tals ut. Eg spelte inn albumet for at det skulle høyrast ut som det var spelt inn live, men når eg ser attende så syns eg at det burde ha vore litt meir variert».[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Sputnik Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

AllMusic var ikkje imponert, men likevel noko positiv i meldinga si: «Alle songane her har ein meir akutt karakter enn dei nylege Tull-albuma, og nokre har til og med minneverdige melodiar. Fløyta til Anderson tar stundom av, gitaren til Martin Barre skrik framleis i soloane, og Doane Perry (trommer), Dave Pegg (bass) og Steve Bailey (bass) utgjer ein ganske bra rytmeseksjon. Det er ikkje like solid som Catfish Rising, men betre enn noko anna sidan Heavy Horses».[5]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Albumet selde mindre enn føregangaren og nådde berre 114. plassen på den amerikanske Billboard-lista, men 20. plassen på UK Albums Chart.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson

# Tittel Lengd
1. «Roots to Branches»   5:11
2. «Rare and Precious Chain»   3:35
3. «Out of the Noise»   3:25
4. «This Free Will»   4:05
5. «Valley»   6:07
6. «Dangerous Veils»   5:35
7. «Beside Myself»   5:50
8. «Wounded, Old and Treacherous»   7:50
9. «At Last, Forever»   7:55
10. «Stuck in the August Rain»   4:06
11. «Another Harry's Bar»   6:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nollen, S.A. (2001). Jethro Tull: A History of the Band, 1968-2001. McFarland. s. 336. ISBN 9780786411016. Henta 22. mai 2019. 
  2. «Jethro Tull Press: Guitar World, September 1999». tullpress.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 22. mai 2019. 
  3. Eder, Bruce. Roots to BranchesAllmusic
  4. http://www.sputnikmusic.com/bands/Jethro-Tull/414/
  5. «Roots to Branches - Jethro Tull | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 22. mai 2019. 
  6. «Album artist 51 - Jethro Tull». Tsort.info. Henta 22. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]