Rosa Kostandjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosa Kostandjan
Fødd20. mai 2000 (24 år)
FødestadVanadzor
FødenamnRosa Kostandjan (armensk skrift Ռոզա Կոստանդյան)
AliasRosa Linn (Ռոզա Լին)
OpphavArmenia
Aktiv2013–
Sjangerpop, balkanpop
Instrumentvokal, gitar, piano
PlateselskapColumbia Records
Verka somsongar-låtskrivar, musikkprodusent

Rosa Kostandjan (fødd 20. mai 2000), kjend som Rosa Linn, er ein armensk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Ho representerte Armenia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino med songen «Snap».[1] I Eurovision Song Contest enda Linn og songen på ein 20. plass, men ho fekk stor suksess seinere same år, då songen gjekk viralt på det sosiale mediet TikTok.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kostandjan er fødd og oppvaksen i byen Vanadzor, nord i Armenia. Allereie som seksåring lærte ho å spele piano, og ho byrja etter kvart å skrive eigne songar.[1][3] I 2013 deltok ho i den armenske nasjonale finalen til Junior Eurovision Song Contest med songen «Gitem».[4]

Kostandjan byrja den profesjonelle musikkarrieren sin gjennom eit samarbeid med det USA-baserte plateselskapet Nvak Collective. Selskapet vart skipa av den armensk-amerikanske songaren og låtskrivaren Tamar Kaprelian. I september 2021 gav ho ut debutsingelen «King» i samarbeid med den amerikanske songaren Kiiara.[5] Kostandjan hadde sin tv-debut i november 2021, då ho framførte songen under frokost-tv på Armenias offentlige tv-selskap.[6]

I mars 2022 kunngjorde same tv-selskap at dei hadde valt Kostandjan til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2022.[7] Ho deltok med songen «Snap» og vart nummer 20 av 25 i finalen.[8][9]

Etter Eurovision Song Contest, gjekk songen «Snap» viralt på TikTok og gjekk inn på topplister i fleire land; han nådde ein topp ti-plassering i Flandern i Belgia, og topp ti i Austerrike, Irland, Noreg, Sveits og Sverige.[10] I august 2022 signerte Linn ein platekontrakt med Columbia Records.[11] I oktober 2022 vart det stadfesta at ho skal opptre på nokre av konsertane til Ed Sheeran, under +–=÷x-tureen hans i Nord-Amerika i juni og juli 2023. Same månad lanserte ho ein ny musikkvideo for «Snap», som vart spela inn i USA,[12] og singelen «Would Do It Again», som ho hadde spela inn saman med den nederlandske songaren Duncan Laurence.[13] 31. oktober 2022 hadde Linn sin debut på amerikansk fjernsyn, då ho framførte «Snap» på The Late Late Show with James Corden, saman med armenske musikarar som spelte på armenske instrument.[14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2021 – «King» (med Kilara)
  • 2022 – «Snap»
  • 2022 – «Would Do It Again» (med Duncan Laurence)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Armenia: Rosa Linn will head to Turin 🇦🇲». Eurovision.tv (på engelsk). 11. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  2. «The summer of SNAP! Rosa Linn hits Top 100 in Germany, U.K. and Italy as TikTok continues to buoy popularity». wiwibloggs (på engelsk). 16. juli 2022. Henta 22. juli 2022. 
  3. «Rosa Linn». www.nvakcollective.com (på engelsk). Nvak Collective. Henta 13. mars 2022. 
  4. «ROZA KOSTANDYAN "Gitem" In Armenian National Selection , JESC 2013» (på norsk bokmål). Henta 13. mars 2022. 
  5. «Rosa Linn | Armenia Meets America in New Song “KING” With Kiiara». Flaunt Magazine (på engelsk). Arkivert frå originalen 12. februar 2022. Henta 13. mars 2022. 
  6. Rosa Linn (20. november 2021). «Rosa Linn på Twitter». Twitter (på norsk bokmål). Henta 13. mars 2022. 
  7. LLC, Helix Consulting. «Rosa Linn will represent Armenia at the Eurovision Song Contest 2022». www.eurovision.am (på engelsk). Henta 13. mars 2022. 
  8. «🇦🇲 Armenia: Rosa Linn Releases Eurovision 2022 Entry "Snap"». Eurovoix (på engelsk). 19. mars 2022. Henta 19. mars 2022. 
  9. «Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  10. «Rosa Linn's Snap: Armenia's viral TikTok Eurovision entry charts». BBC. 29 July 2022. Henta 29 July 2022. 
  11. Garcia, Thania (3. august 2022). «Music Industry Moves: Eurovision's Rosa Linn Inks Deal With Columbia Records; Artist Publishing Group Ups Three». Variety (på engelsk). Henta 4. august 2022. 
  12. «Rosa Linn releases new music video of her Eurovision 2022 song ‘Snap’ (PHOTOS/VIDEO)». style.news.am. Henta 9. oktober 2022. 
  13. bleistiftrocker.de, Sonja / (20. oktober 2022). «Duncan Laurence und Rosa Linn tun sich für den Song "WDIA" zusammen». bleistiftrocker.de (på tysk). Henta 21. oktober 2022. 
  14. «Rosa Linn performs 'Snap' on James Corden's popular show with Armenian instruments and national elements (video)». style.news.am. Henta 2. november 2022.