Rosario Castellanos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosario Castellanos

Statsborgarskap Mexico
Fødd 25. mai 1925
Mexico by
Død

7. august 1974 (49 år)
Tel Aviv

Yrke lyrikar, diplomat, skribent, manusforfattar, universitetslærar
Ektefelle Ricardo Guerra Tejada
Rosario Castellanos på Commons

Rosario Castellanos (25. mai 19257. august 1974) var ein meksikansk forfattar. Ho er rekna som ei viktig røyst frå 1950-generasjonen, ei gruppe meksikanske diktarar som skreiv etter andre verdskrigen påverka av César Vallejo og andre. Gjennom heile livet skreiv Castellanos om saker knytt til kjønns- og kulturell undertrykking, og påverka feministisk teori og kulturelle studiar. Sjølv om ho døydde ung, bidrog ho til å opna meksikansk litteratur for kvinner, og etterlét seg ei arv som resonerte med ettertida.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Rosario Castellanos var fødd i Mexico by og vaks opp i Comitán, nær familiegarden i den sørlege meksikanske delstaten Chiapas. Ho var ei introvert ung jente som la merke til vanskane til mayafolka som arbeidde for fmailien. Ifølgje sine eigne oppteikningar følte ho seg framandgjort frå familien etter at mora blei spådd at eit av dei to borna hennar snart ville døy og utbraut "Ikkje guten!"

Etter at president Lázaro Cárdenas gjennomførte ein landreform og gav meir makt til landarbeidarane, mista familien til Castellanos mykje av jorda si. Familien flytta tilbake til Mexico by då Rosario Castellanos var femten. I løpet av eit år døydde foreldra hennar, og ho måtte forsørga seg sjølv.

Castellanos studerte filosofi og literattur ved UNAM (det nasjonale autonome univerrsitetet i Mexico), der ho seinare blei tilsett som lærar. Ho blei med i ei gruppe meksikanske og sentralamerikanske intellektuelle, las vidt, og byrja å skriva sjølv. Ho blei med i Instituto Nacional Indigenista (det nasjonale instituttet for innfødde), og skreiv manuskript for dokketeater som blei framført i distrikta for å fremja lesekunne. Ho skreiv også ei spalte kvar veke for avisa Excélsior.

I tillegg til skriv- og undervisinsearbeidet hadde Castellanos fleire offentlege stillingar. I 1971 blei ho utnemnd som ambassadør til Israel som anerkjenning for bidraget sitt til meksikansk litteratur.

Castellanos døydde i Tel Aviv i 1974 av ei elektrisk ulukke. Det blei spekulert i om hendinga var eit sjølvmord - den meksikanske forfattaren Martha Cerda skreiv til dømes til journalisten Lucina Kathmann at «eg trur ho tok livet sitt, men ho hadde allereie følt seg som død ei stund.»[1] Det finst likevel ikkje prov for noko slikt.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Balún-Canán Fondo de Cultura Economica, 1957; 2007, ISBN 9789681683030
  • Poemas (1953–1955), Colección Metáfora, 1957
  • Ciudad Real: Cuentos, 1960; Penguin Random House Grupo Editorial México, 2007, ISBN 9786071108654
  • Oficio de tinieblas 1962; 2013, Grupo Planeta – México, ISBN 978-607-07-1659-1
  • Álbum de familia (1971)
  • Poesía no eres tú; Obra poética: 1948–1971 1972; Fondo de Cultura Economica, 2004, ISBN 9789681671174
  • Mujer que sabe latín . . . 1973; Fondo de Cultura Economica, 2003, ISBN 9789681671167
  • El eterno femenino: Farsa 1973; Fondo de Cultura Economica, 2012, ISBN 9786071610829
  • Bella dama sin piedad y otros poemas, Fondo de Cultura Económica, 1984, ISBN 9789681617332
  • Los convidados de agosto, Ediciones Era, 1964 ISBN 978-968-411-203-2
  • Declaración de fe] Penguin Random House Grupo Editorial México, 2012, ISBN 9786071119339
  • La muerte del tigre SEP, 198?
  • Cartas a Ricardo (1994)
  • Rito de iniciación 1996; 2012, Penguin Random House Grupo Editorial México, ISBN 978-607-11-1935-3
  • Sobre cultura femenina, 2005, Fondo de Cultura Económica, ISBN 978-968-16-7465-6}}

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cordite Poetry Review Archives Arkivert 2007-05-04 ved Wayback Machine. at www.cordite.org.au