Rose-Marie Huuva
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rose-Marie Huuva | |
Fødd | 13. juli 1943 (77 år) Gabna sameby |
Yrke | forfattar, lyrikar, skribent, tekstilkunstnar, kunstnar |
Ragnel Rose-Marie Huuva (fødd 13. juli 1943 i Gabna sameby i Jukkasjärvi) er ein svensk samisk forfattar, biletkunstnar og duodjiutøvar.[1]
Ho har utgjeve tekstar sidan 1981, men debuterte i 1999 med diktsamlinga Galbma rádná (Kall kamrat), som skildrar kreftsjukdom. Med den boka vart ho den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris i 2001. Dikta i Ii mihkkege leat (2006) skildrar kjensla av at den samiske kulturarven svinn eller vert endra, og òg spørsmål om aldring og sjukdom.[2]
Som biletkunstnar deltok ho saman med sju andre i utstillinga Sámi Stories: Art and Identity of an Arctic People på Scanidnavian House i New York 2014.[3]
Ho fekk kulturstipendiet Rubus arcticus frå Norrbottens läns landting i 2003.[4]
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Galbma rádná (DAT, 1999) ISBN 82-90625-36-7 (Kall kamrat; DAT, 2001, ISBN 82-90625-38-3)
- Sammen med Inghilda Tapio, Inghilda, Thomas Marainen og Simon Marainen: Viidát: divttat Sámis / Vidd: dikter från Sápmi (Podium, 2006) ISBN 91-89196-39-2
- Li mihkkege leat ([Ingenting är]) (DAT, 2006) ISBN 82-90625-53-7 (Et utvalg oversatt til svensk som Mjukt smeker molnets rand, Stockholm 2011, ISBN 978-91-7437-107-9)
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Rose-Marie Huuva Arkivert kopi på Wayback Machine.; norrbottensforfattare.se
- ↑ Rose-Marie Huuva; sverigesradio.se, 25. mai 2012
- ↑ Swedishpress.com Arkivert 2. august 2016 på Wayback Machine.
- ↑ Kulturstipendiet Rubus Arcticus Arkivert 5. mars 2016 på Wayback Machine.; nll.se
- Denne artikkelen bygger på «Rose-Marie Huuva» frå Wikipedia på bokmål, den 17. desember 2019.