Rose Chelimo
Rose Chelimo | |
Statsborgarskap | Kenya, Bahrain |
Fødd | 12. juli 1989 (33 år) Kenya |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Rose Chelimo (fødd 12. juli 1989) er ein kenyansk friidrettsutøvar som sidan 2016 representerer Bahrain. Ho vart i 2017 verdsmeister i maratonløping.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Chelimo er ein av fleire, opphavleg afrikanske, løparar som sidan 2002 har hatt suksess under framandt flagg. Under verdsmeisterskapen 2017 lukkast ho vinne eit jamnt maratonløp, sju sekund føre den tidlegare landskvinna Edna Kiplagat og USAs Amy Cragg. Året etter sigra Chelimo på maraton ved Asia-leikane i Jakarta, halvtanna minutt framom ein japansk utøvar. Hausten 2019 sprang ho inn til sølv i VM i Doha, minuttet bak vinnaren og eit knapt halvminutt føre bronsemedaljøren. Chelimo si bestetid i maraton på 2.24.14 er frå 2016.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 8 – 2.27.36
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 2.27.11, framom Edna Kiplagat (2.27.18)
- VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 2.33.46, bakom Ruth Chepngetich (2.32.43)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Rose Chelimo» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2022.
- «Rose Chelimo» (engelsk). Olympedia. Henta 17. mars 2023.