Rosenberg Verft
Bergen Group Rosenberg | |
Selskapsform | Aksjeselskap |
---|---|
Eigar | Bergen Group Offshore AS (90,6%) |
Land | Noreg |
Hovudkontor | Hundvåg |
Styreleiar | Kjetil Forland |
Dagleg leiar | Kyrre Nese |
Tilsette | 421-425 |
Omsetnad | 966 mill (2007) |
Resultat | 161 mill |
Rosenberg Verft er eit skipsverft på Buøy i Stavanger kommune. Verftet har hatt fleire namneendringar, og er i frå 2007 ein del av Bergen Yards. Frå bygging av skip er verksemda vorte lagt om med fokus på leveransar til petroleumsverksemd.
Historikk[endre | endre wikiteksten]
Rosenberg Mekaniske Verksted vart stifta i 1896 av mellom anna Sigval Bergesen d.e. og Knud Zimmer. Aksjekapitalen ved oppstart var på 54 000 kroner. Det var 13 tilsette den første tida. Verftet vart i 1942 kjøpt av Sigval Bergesen d.y.. Rosenberg vart vidare seld til Kværner i 1970. Etter at Kværner vart slått saman med Aker i 2002 ønskte føretaksleiinga å selje seg ut av Rosenberg, samstundes som dei ønskte unngå å skape ein ny konkurrent innan offshore-oppdrag. Dette då det etter deira syn var ein overkapasitet av verft i marknaden. Etter ei tid med forhandlingar vart verftet så seld til ei lokal investorgruppe med IKM og gründar Ståle Kyllingstad i spissen. I salsavtala var det ein konkurranse-klausul som hindra Rosenberg frå å ta visse oppdrag 3 år fram i tid. Investorane selde verftet vidare til noverande eigar Bergen Group for 700 millionar kroner i 2007.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- www.rosenbergverft.com Arkivert 2007-08-11 ved Wayback Machine.
- Rosenberg solgt til Bergen Yards[daud lenkje] på http://www.aftenbladet.no
- Bergen Group Rosenberg Arkivert 2008-01-17 ved Wayback Machine.