Rosenbuschitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rosenbuschitt er eit relativt sjeldan mineral som opptrer i gulbrune til grålege nåler med triklin symmetri. Det fluorescerer ofte gult i ultrafiolett ljos. Mineralet har ei komplisert samansetjing og er vesentleg eit fluorhaldig silikat av kalsium, natrium, zirkonium og titan, (Ca,Na)12(Zr,Di)4(Si2O7)4(O4F4). Det vart først skildra av W. C. Brøgger i 1887 frå nefelinsyenittpegmatitt ved Langesundsfjorden.

Det er kalla opp etter den tyske geologen og mineralogen K. H. F. Rosenbusch (1836–1914).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]