Rosenkål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosenkål

Rosenkål er ein varietet av dyrka kål med små grøne hovud. Han har 40–100 cm høge stenglar og talrike valnøttstore hovud, «roser», i bladhjørna. Rosenkål er ein hardfør art som eignar seg godt for dyrking i land med kjølig klima, som Noreg. Rosenkål inneheld bitterstoff og har ein særeigen, søt og nøtteaktig smak når han er kokt. Han kan brukast rå og strimla i salatar, eller kokt, steikt eller smørdampa.

Rosenkål er ein næringsrik grønsak og inneheld om lag 119 mg vitamin C, 450 mg kalium, 4,2 g kostfiber, 84 % vatn, 0,5 g feitt og 148 kJ tilført energi per 100 g etande vare.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]