Rosenkavaleren


Rosenkavaleren, som på originalspråket tysk heiter Der Rosenkavalier, opus 59, er ein komisk opera i tre akter med musikk av Richard Strauss og libretto (tekst) av forfattaren Hugo von Hofmannsthal.[1][2][3] Handlinga er løseleg basert på Jean-Baptiste Louvet de Couvrais roman Les amours du chevalier de Faublas og Molières komedie Monsieur de Pourceaugnac. Operaen vart uroppført 26. januar 1911 i operahuset Semperoper i Dresden i Tyskland og vart dirigert av Max Reinhardt[2].
Handlinga i operaen går føre seg i eit aristokratisk miljø i Wien ikring 1740, i dei tidlege regjeringsåra til keisarinne Maria Theresia. Operaen har fire hovedpersonar; den aristokratiske marskalkinna prinsesse Marie Thérèse von Werdenberg, hennar 17 år gamle elskar grev Octavian Rofrano, hennar brutale fetter baron Ochs, og Ochs sin moglege trulova Sophie von Faninal, dotter av den rike herr von Faninal. Etter framlegg frå marskalkinna opptrer Octavian som Ochs' «rosenkavaler» ved å overbringe ei seremoniell sølvrose til Sophie. Men Octavian og Sophie vert forelska i kvarandre og det vert ein komisk intrige når dei freistar å løyse Sophie frå trulovinga med Ochs og kopla Octavian med Sophie.[4]
Rosenkavaleren er kjend for si framsyning av dei kvinnelege stemmane hos den lyse lyriske sopranen Sophie, mezzosopranen Octavian (som også er spelt av ei kvinne) og den eldre dramatiske sopranen marskalkinna. Dei syng fleire duettar og også ein trio i operaens sluttscene.
Det er gjort mange innspelingar av operaen og han vert jamleg framført.[5]
Roller
[endre | endre wikiteksten]| Rolle | Stemme | Rollebesetning ved premieren 26. januar 1911 Dirigent: Ernst von Schuch |
|---|---|---|
| Marskalkinna, prinsesse Marie Thérèse von Werdenberg | sopran | Margarethe Siems |
| Octavian, greve av Rofrano, hennes unge elsker | mezzosopran (spela av ei kvinne) | Eva von der Osten |
| Baron Ochs auf Lerchenau, marskalkinnas fetter | bass | Karl Perron |
| Sophie von Faninal | lys sopran | Minnie Nast |
| Herr von Faninal, Sophies rike far | lys baryton | Karl Scheidemantel |
| Marianne, Sophies kvinnelege ledsager | lys sopran | Riza Eibenschütz |
| Valzacchi, ein intrigemakar | tenor | Hans Rüdiger |
| Annina, hans niese og partner | kontrealt | Erna Freund |
| Ein notar | bass | Ludwig Ermold |
| Ein italiensk songar | lys tenor | Fritz Soot |
| Tre foreldrelause barn | sopran, mezzosopran, kontrealt | Marie Keldorfer, Gertrude Sachse, Paula Seiring |
| Ein hattemakar | sopran | Elisa Stünzner |
| Ein kjæledyrseljar | tenor | Josef Pauli |
| Faninals hovmeister | tenor | Fritz Soot |
| Ein politiinspektør | bass | Julius Puttlitz |
| Marskalkinnas hovmeister | tenor | Anton Erl |
| Ein vertshuseigar | tenor | Josef Pauli |
| Fire lakeiar | tenorar, bassar | Josef Pauli, Wilhelm Quidde, Rudolf Schmalnauer, Robert Büssel |
| Fire servitørar | tenorar, bassar | Wilhelm Quidde, Rudolf Schmalnauer, Robert Büssel, Franz Nebuschka |
| Mohammed, marskalkinnas svarte tenar | tagal | |
| Ein fløytist, ein kokk, ein frisør og hans assistent, ein lærd og ei enkje | tagale | |
| Tenarar, innleigde bedragere, barn, konstabler | ||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hall, Pauline (1959). Operaboken. Gyldendal. s. 179-183.
- 1 2 Kennedy, Michael (2001). The New Penguin Opera Guide. New York and London: Penguin Books. s. 886–905. ISBN 0-14-029312-4.
- ↑ Murray, David (1992). The New Grove Dictionary of Opera. London: Macmillan. s. 43–47. ISBN 0-333-73432-7. doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.o004998.
- ↑ Jefferson, Alan (1985). Richard Strauss: Der Rosenkavalier. Cambridge: Cambridge Opera Handbooks. ISBN 0-521-27811-2.
- ↑ «Opera statistics». Operabase. Arkivert frå originalen 5. september 2015.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Boyden, Matthew (1999). Richard Strauss. Boston: Northeastern University. ISBN 1-55553-418-X
- Reynolds, Michael. Creating 'Der Rosenkavalier': From Chevalier to Cavalier. The Boydell Press. ISBN 978-1-78327-049-1
- Del Mar, Norman (2000). Richard Strauss: A Critical Commentary on His Life and Works. Cornell University Press. ISBN 978-0-8014-9318-8.
- Kennedy, Michael (1999). Richard Strauss: Man, Musician, Enigma. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 9780521581738.
- Strauss, Richard (1912). Der Rosenkavalier (The Rose-Bearer), Comedy for Music in three Acts by Hugo von Hofmannsthal, English version by Alfred Kalisch. London: Boosey & Hawkes. OCLC 42239315. Sjå også file #117568 i IMSLP.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Der Rosenkavalier: Scores at the International Music Score Library Project
- Piano-vocal score, Indiana University School of Music
- Libretto (German): opera-guide.ch, opera-arias.com
- Der Rosenvavalier synopsis from the "Metropolitan Opera Live in HD" website
- Recording of "Da geht er hin" by Lotte Lehmann in MP3 format
- Marie Theres'! ... Hab' mir's gelobt" på YouTube, sung by the original cast (Siems, von der Osten, Nast)