Rosenkrantzgata i Drammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit parti av Rosenkrantzgata

Rosenkrantzgata i fylkesveg 283 er ei gate i bydelane Bragernes og Åssiden i Drammen, frå Konggata/Hauges gate i nærleiken av Fylkeshuset, og vestover til kommunegrensa mot Nedre Eiker kommune. Gata var tidlegare ein part av vegsambandet mellom Oslo og Kongsberg, og er framleis ein av dei viktigaste vegane i byen.

Gata fekk namnet i 1911, og er namngjeve etter stiftamtmann, statsråd og lagtingspresident Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838). Han var ein av dei som tok initiativet til å slå saman Bragernes og Strømsø på kvar si side av Drammenselva til Drammen i 1811. Gata fekk såleis namnet i samband med at Drammen vart hundre år.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Borgen, Per Otto: Drammen byleksikon. Drammen 1995: P.O. Borgen ISBN 8291649081