Rosenkrantztårnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosenkrantztårnet
Rosenkrantztårnet, kveldsstemning

Rosenkrantztårnet i Bergen har namnet sitt etter lensherren Erik Ottesen Rosenkrantz, som i 1560-åra let setje i stand det gamle ringmurstårnet på Holmen (Bergenhus festning). Tårnet ligg like ved Håkonshallen, og det opphavlege tårnet var bygd i 1270-åra i regjeringstida til Magnus Lagabøte. I tillegg til å ha forsvarsfunksjon, hadde bygningen kapell og var residens for lensherren.

Før ombygginga i 1560-åra hadde tårnet vorte skadd både i brann og av eksplosjon, og meininga var at det skulle rivast, men Erik Rosenkrantz bygde tårnet høgare enn det hadde vore og utstyrte det med kanonbatteri, som kom til å spele ei rolle i slaget på Bergen våg i 1665. Tårnet ligg like ved Bryggen, og skulle òg halde hanseatane der i sjakk.

Tårnet fekk store skadar ved eksplosjonsulukka 20. april 1944, då ein båt lasta med sprengstoff eksploderte i nærleiken. Men etter omfattande restaurering vart tårnet opna for publikum i 1966. Bymuseet i Bergen har det museale ansvaret for tårnet.

Tidlegare har tårnet vore kalla Valkendorftårnet etter lensherren Christoffer Valkendorf.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rosenkrantztårnet

Koordinatar: 60°23′56.44″N 5°19′6.05″E