Rosenstare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosenstare
Rosenstare
Rosenstare
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Hekkeområde ██ Overvintring

██ Hekkeområde ██ Overvintring

Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Slekt: Pastor
Art: Rosenstare P. roseus
Vitskapleg namn
Pastor roseus

Rosenstare (Pastor roseus) er ein sporvefugl i starefamilien som hekkar i Søraust-Europa til Sentral-Asia og overvintrar på det indiske subkontinentet.

Slektnamnet Pastor kjem frå latinsk og tyder «hyrde», det spesifikke artsnamnet roseus er latin for «rosefarga».[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på rosenstaren er nett som staren (Sturnus vulgaris), ca. 19-22 centimeter i kroppslengd. Den vaksne rosenstaren er svært karakteristisk med rosa kropp, bleik oransje bein og nebb, og glinsande svart hovud, venger og stjert. Hannane i hekkesesongen har langstrekte fjører som reiser seg som ein topp på hovudet. Om vinteren er fjørtoppen kortare, og kanta på svarte fjører i fjørdrakta blir bleikare når kantane på desse fjørene eroderer. Vinterfjørdrakta hos hannar er relativt lite iaugefallande. Hoer i kontrast har ein kort topp og manglar det skarpe skiljet mellom rosa og svart. Ungfuglane er lys gråbrune og kan skilje seg frå ungfuglar av vanlege starar med ein lysare overgump og gulaktig nebb. Unge fuglar utviklar ein avdempa versjon av den vaksne fjørdrakta om hausten, men ungfuglane manglar fjørtoppen.

Hekkeområdet til denne fuglen er i steppar, halvørkenar og ørkenar i Sentral-Asia og Søraust-Europa. Han hekkar frå nordvestlegaste Kina, via Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Usbekistan og Turkmenistan til Sør-Russland, Ukraina, Aserbajdsjan og Armenia. Det sørlege området strekker seg inn i Afghanistan og Iran. Uregelmessige eller meir spreidde hekkar dei utanfor dette området i Søraust-Europa og Tyrkia. Han er ein sterk trekkfugl, og overvintrar i India og Sri Lanka. Rosenstarar er vanlege i India om vinteren, ofte i større mengd større enn starar og hyrdestarar. Rosenstare er ein steppefugl på ope jordbruksland. I år der svermande grashopper og andre insekt er rikeleg, vil han bryte ut langt utanfor kjerneområdet, med eit monaleg tal som når Frankrike, Storbritannia og Irland. Fåtalige, einskilde individ streifar òg til Fennoskandia med registreringar så langt nord som til Gamvik kommune, og dessutan vestover til Island og sør til Sør-Afrika.[2]

Rosenstarar er svært sosiale fuglar, og dannar ofte store, støyande flokkar, kan nokon gangar skade kornavlingar og frukthagar; fuglane blir tiltrekte sterkt av blomstrande tre. Likevel kan dei òg vere gunstige for landbruket fordi dei beitar på grashopper. Fuglane hekkar i tronge koloniar i ein kort hekkesesong, tidfesta for å dra nytte av toppmengda av grashopper mellom månadene mai til juni. Rosenstare er ein kolonihekkar, og er til liks med andre starar dannar dei store vinterflokkar. Utanfor hekkesesongen er dietten variert og sett saman av frukt, insekt, frø og nektar. Songen er ei typisk blanding av rasling, knirking og skrangling, framført med mykje vengeskjelving.

Ein trur 123 000-460 000 individ hekkar i Europa og at dette er ca. ein fjerdepart av den globale populasjonen. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Streiffuglar i Noreg

For perioden 2000 til 2020 finst det årleg i gjennomsnitt ca. 17. registrerte individ i landet, spreidd langs kystkommunane frå Hvaler kommune til Vardø. Fylkesvis er dei fleste registreringar gjort i Rogaland, Agder, Vestland og Nordland, og flest i perioden juni til oktober, med høgaste tal i haustmånadene.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 294, 337. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Craig, A. J. F. og C. J. Feare (2020). Rosy Starling (Pastor roseus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rossta2.01
  3. BirdLife International (2021). «Rosy starling». Henta 5. april 2021. 
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 5. april 2021.  Kjelda har utvalsbias og duplikatar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Rosenstare