Rosettbakkels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosetbakkelsar med sukker
Rosettjern

Rosettbakkels eller rosettar er ei skandinavisk småkake som ofte blir baka til jul.[1][2]

Kaka er ein rørebakst som blir laga med eit rosettbakkelsjern. Jernet har eit handtak med ei rosettform festa ytst.

Røra inneheld mjøl, egg, mjølk og sukker. Ein hellar henne oppi jernet og kokar kvar kake i smult.[1]

Dei kan pyntast med glasur, sukker eller krem med litt syltetøy til servering.[1]

Ved ei avstemming i radioprogrammet Nitimen blei rosettbakkels kåra til eit av dei sju slaga ein bør baka til jul.[1]

På svensk blir kaka kalla struva (fleirtal struvor). Ein finsk variant av struvor blir laga utan jern, men av ei lang rørestråle som blir forma til ei rund kake. Denne blir ofte servert til feiring av valborgsaftan eller første mai.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 TINE, «Rosetter (rosettbakkelse) - Oppskrift fra TINE Kjøkken», TINE (på norsk), henta 5. juni 2019 
  2. «Recept på Struvor», Recept.com, henta 5. juni 2019 
  3. «ENKÄT: Hur firar du första maj?», Hbl.fi | Finlands ledande nyhetssajt på svenska, henta 5. juni 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]