Rosevindauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit av dei gotiske rosevindauga i Notre-Dame de Paris.
Foto: Krzysztof Mizera
Rosevindauge i Nidarosdomen.
Foto: Zairon

Rosevindauge er eit stort, rundt vindauge som er sett inn i fronten og tverrskipgavlane i ei kyrkje eller ein katedral. Denne typen vindauger er særleg kjent frå gotisk kyrkjearkitektur kor rosevindauge er fylt ut med glasmåleri og plasserte øvst i gavlpartiet i frontveggen.[1][2]

I samband med restaureringa av Nidarosdomen fekk kyrkja eit stort rosevindauge i vestfronten teikna av Olaf Nordhagen og med glasmålerier av Gabriel Kielland.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gunnarsjaa, Arne (1999). «rosettmønster og rosevindu». Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt forlag. s. 660. ISBN 8279350071. 
  2. «rosevindu». Store norske leksikon. Henta 7. september 2016.