Rosh Pinna
Rosh Pinna | |||
רֹאשׁ פִּנָּה, ראש פינה, Rosh Pina, Roch Pina, Rosh Pinah | |||
lokal kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°58′12.01″N 35°32′31.72″E / 32.9700028°N 35.5421444°E | ||
Areal | 17,6 km² | ||
Folketal | 2 800 (2008)[1] | ||
Folketettleik | 159 / km² | ||
Grunnlagd | 1882 | ||
Borgarmeister | Avihud Rasky[2] | ||
Rosh Pinna 32°58′09″N 35°32′33″E / 32.969086111111°N 35.542455555556°E | |||
Kart som viser Rosh Pinna.
| |||
Wikimedia Commons: Rosh Pina |
Rosh Pinna er ein by (lokal kommune) med 2 800 innbyggjarar i øvre Galilea i Nord distrikt i Israel. Byen vart grunnlagd i 1882 av 30 familiar som emigrerte frå Romania. Det er derfor ein av dei eldste sionist-busetnadane i Israel.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Rosh Pinna ligg nord for Genesaretsjøen, kring 2 km aust for byen Safed, 420 meter over havet. Nord for Rosh Pinna ligg Hulasjøen, som var eit myrområde som vart drenert i 1950-åra.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Rosh Pinna (hebraisk ראש פנה) var ein av dei første moderne jødiske jordbruksbusetnadane i Israel, som då var ein del av det tyrkiske Osmanske riket. Rosh Pinna vart grunnlagd nær den arabiske landsbyen al-Ja'una. I 1883 vart han den første jødiske busetnaden i Israel som fekk støtte av baron Edmond James de Rothschild.[treng kjelde]
Gei Oni vart grunnlagd i 1878 av jødar frå Safed. Somme av dei var etterkommarar etter spanske jødar i eksil i 1492. Dei fleste av dei første familiane reiste der i frå etter tre år med tørke, men tre familiar vart verande att: Keller, Friedman og Schwartz.[3] Eit år seinare, i 1882, kom ei gruppe rumenske jødar leia av David Shub til landsbyen, og han fekk namnet Rosh Pinna, etter Salme 118:22: «Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.» Hjørnestein er rosh pinna på hebraisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rosh Pinna» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2015.
- ↑ «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2009. Henta 31. januar 2015.
- ↑ 'The grass is always greener', article published on HaAretz.com Haaretz.com
- ↑ «"Autumn in Rosh Pina» (see text box labeled «IMMIGRANT PIONEERS»)» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2015. Henta 1. februar 2015.