Roskilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Domkyrkja i Roskilde sett frå bispegarden
Frå Roskilde-festivalen i 2003

Roskilde er ein by i Danmark. Byen ligg på Sjælland, om lag 30 kilometer vest for København. Byen er administrasjonsstad for Roskilde kommune og tilhøyrer Region Sjælland. Innbyggjartalet er 48 186 (2013).[1]

Roskilde har ei lang historie attende til mellomalderen. Byen si historiske tyding kan mellom anna illustrerast av at Roskilde domkyrkje var den einaste domkyrkja på Sjælland fram til 1900-talet. Mange danske kongelege er gravlagd i domkyrkja.

Roskilde Universitetssenter (RUC) vart grunnlagd i 1972.

Kvart år frå 1971 er det skipa til musikkfestivalen Roskilde Festival i byen. Festivalen er ein av dei største i Europa. Byen er dessutan kjend for Vikingeskibsmuseet med Museumshallen, der det er ei utstilling av leivningar av fem vikingskip funne på botn av Roskilde Fjord, og Museumsøen (Museumsøya), der det er ei museumshamn med fleire fullskala rekonstruksjonar av desse og andre båtar frå vikingtida, bygd på museets eige båtbyggjeri på Museumsøen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Vitja 9. februar 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]