Rosmersholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosmersholm
 

Forfattar(ar)Henrik Ibsen
Språkdansk
Tilverting1886
SjangerPièce bien faite
Utgitt1886
Uroppføringjanuar 1887

Rosmersholm er eit skodespel av Henrik Ibsen. Det blei gitt ut i bokform av det danske forlaget Gyldendal i 1886, og hadde urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen den 17. januar 1887. Rosmersholm er blitt skildra som eit av dei mørkaste, vakraste, mest samansette, subtile og mangetydige skodespela til Ibsen, og mange kritikarar reknar skodespelet som eit av meisterverka hans, ved sida av Vildanden.[1] Det har ei handling som føregår på fleire plan, og utforskar spenninga mellom gammalt og nytt, mellom frigjering og underkasting. Det er eit psykologisk skjebnedrama som endar i undergang.

Roller[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Rosmer, eigar av Rosmersholm, tidlegare sokneprest
  • Rebekka West, i huset hos Rosmer
  • Rektor Kroll, svoger av Rosmer
  • Ulrik Brendel
  • Peder Mortensgård
  • Madam Helseth, hushaldar på Rosmersholm

Handling og tyding[endre | endre wikiteksten]

Emanuel Reicher som Rosmer kring 1920.
Ragna Wettergreen som Rebecka West i 1908.

Skodespelet går føre seg på Rosmersholm, som blir skildra som «en gammel herregård i omegnen af en liden fjordby i det vestlige Norge». I skodespelet møter ein den aristokratiske eigaren av Rosmersholm, den tidlegare soknepresten Johannes Rosmer og sambuaren hans Rebekka West. Johannes Rosmer er den siste av ei gammal slekt av prestar og offiserar som nyt stor respekt i distriktet. Kona hans Beate har tatt livet av seg ved å kasta seg i ein foss like ved herregarden før stykket byrjar. Eit viktig tema er korleis liva til Johannes og Rebekka blei eit tomt skal etter dette.

Som formulert av protagonisten Rosmer er temaet i skodespelet sosiale og politiske endringar, som inneber at dei tradisjonelle herskande klassane gir avkall på å påtvinga resten av samfunnet sine ideal.[2] Den umoralske, eller amoralske, «fritenkande» heltinna i stykket, Rebekka, set seg føre å underminera dei religiøse og politiske oppfatningane til Rosmer, fordi han er ein innverknadsrik person i samfunnet. Rebekka har ikkje berre gitt opp kristendommen, men også heile det etiske systemet i han.[3] Rosmer sin konservative svoger Kroll ser den politiske omvendinga hans som eit svik, og byrjar å undergrava Rosmer og Rebekka. Han avslører for Rebekka at pleiefaren hennar dr. West truleg var den biologiske faren hennar; skodespelet antydar at Rebekka og dr. West hadde hatt eit seksuelt forhold.

Incestavsløringa knuser Rebekka sin evne til å godta eit frieri frå Rosmer, sjølv etter at ho har manipulert Beate til å ta livet sitt. Stykket endar med at Rosmer og Rebekka kastar seg i fossen frå same staden som Beate gjorde det.[4]

Rosmersholm inneheld sterkare drag av mystikk enn noko Ibsenstykke sidan Kejser og Galilæer. Frå Samfundets Støtter hadde Ibsen lagt det overnaturlege på hylla, no tok han det fram igjen. Det bidrog til å skapa ein naturmystikk, noko nærast folkeviseaktig rundt tragedien, som gjer Rosmersholm til eit av dei vakraste og mest særeigne stykka til Ibsen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ibsen brukte ofte barndomsmiljøet sitt og slektningane sine som modellar for personar, miljø, motiv og hendingar i skodespela sine, og dette gjaldt òg Rosmersholm. Jon Nygaard skriv at tapet av livsgleda er eit underliggande tema for fleire av skodespela til Ibsen, mellom anna Rosmersholm, der «de dødes og embetsaristokratiets ånd [hviler] over prestegården [og] det rosmerske livssyn adler – men det dreper lykken». Eit hovudtema i Rosmersholm og andre skodespel var ifølgje Nygaard «livsgleden som gikk tapt – og den nye puritanske embetsmannsstaten som kom. Det var embetsmanns- og forvalterånden fra Øvre Telemark, familien Paus».[5]

Fleire stor- og herregardar er sagt å ha inspirert Ibsen sitt Rosmersholm. Storgarden Solnør i Skodje kan ha vore ein av fleire inspirasjonar til Rosmersholm.[6] Solnør tilhøyrde Ludvig Daae, eit syskenbarn av Suzannah Ibsen, som Ibsen sjølv vitja på ei reise sommaren 1862 (Ivar Aasen hadde 20 år tidlegare hatt formative år som privatlærar hjå Daae-familien på Solnør). Ein annan gard som blir sagt å vera forbilde for Rosmersholm er Moldegård i Molde.[7][8] Ibsen oppheldt seg ein periode i Molde på reise med Suzannah sommaren 1885.[9][10] Dei budde på Alexandra hotel. Innehavaren av Moldegård, Hans Thiis Møller, var ein venn av Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. Sceneanvisninga for dramaet er tydeleg inspirert av Moldegård og landskapet.[11] Bjørnson budde ofte på Moldegård, medan Ibsen ikkje hadde noka spesiell tilknyting til staden. I innleiinga til dramaet er det oppgitt at handlinga føregår på Rosmersholm, «en gammel herregård i omegnen av en liten fjordby».[12] Nationaltheateret brukte opplysningar om interiøret på Moldegård som grunnlag for ei oppføring av Rosmersholm.[13]

Framsyningshistorie[endre | endre wikiteksten]

Rosmersholm hadde urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen 17. januar 1887 To månader seinare fann fyrste oppsetjing i utlandet stad – ved Stora Teatern i Göteborg – og før utgangen av året var stykket blitt oppført i Sverige, Danmark, Finland og Tyskland. Repertoardatabasen på ibsen.net hadde per 15.10 2006 registrert til saman 179 oppsetjingar av Rosmersholm.

TV-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Stykket er blitt dramatisert tre gongar for NRK:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McFarlane, James (1999). «Introduction». I: Ibsen, Henrik, An Enemy of the People; The Wild Duck; Rosmersholm. Oxford World Classics. Oxford, England: Oxford University Press. s. ix. ISBN 0192839438, ISBN 9780192839435.
  2. Agate, James (1926-10-01). "Rosmersholm". The Sunday Times
  3. Krutch, Joseph Wood (1953). "Modernism" in modern drama, a definition and an estimate. Ithica, NY: Cornell University Press. p. 15.
  4. Merete Morken Andersen, Ibsenhåndboken, Gyldendal Norsk Forlag, 1995
  5. Nygaard, Jon (2012). «Henrik Ibsen og Skien: «... af stort est du kommen, og till stort skalst du vorde engang!»». Bøygen 24 (1): 81–95. 
  6. Kona til Ibsen påverka Ibsens drama Apollon (Forskningsmagasinet UiO), 1. oktober 2007.
  7. Walton, Stephen J. Ivar Aasens kropp. Oslo: Samlaget. ISBN 8252145310. 
  8. Bratberg, Terje; Arntzen, Jon Gunnar (23. august 2023). «Moldegård». Store norske leksikon (på norsk). 
  9. Rosmersholm: Henrik Ibsen. Molde: Teatret vårt. 
  10. Henrik Ibsen (på norsk bokmål). 25. februar 2020. 
  11. Talsethagen, Gunnar. Gatelangs i Molde. Molde: Romsdal sogelag. ISBN 8290169620. 
  12. de Seve, Niels. 1838-1916: eksportby : turistby : industriby. [Molde]: Molde kommune. ISBN 8299234425. 
  13. Amdam, Per. Kjenner du Romsdal?: (En veileder). Molde. 
  14. Rosmersholm (på norsk bokmål), 7. august 2015, henta 6. oktober 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rosmersholm